Mediefolk:

Trond Jan Grimeland starta som grafikar i Firda i 1985. Seinare vart han vaktsjef i redaksjonen, før han starta i stillinga som nyheitsredaktør i 2011.

Trond Grimeland sluttar som nyheitsredaktør i Firda

– Etter 10 år som leiar ser eg no fram til å gå inn i rolla som journalist.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Trond Jan Grimeland har bestemt seg for å slutte som nyheitsredaktør i Firda. Grimeland går over i stilling som journalist, skriv Firda i ei pressemelding.

– Trond har vore ein nøkkelperson i den omstillinga Firda har vore igjennom dei siste åra. Frå å vere eit tradisjonelt mediehus med sterkt fokus på å gi ut papiravis, er vi i dag ein nyheitsaktør som publiserer nyheiter gjennom heile døgnet. Innsatsen hans har vore uvurderleg, og han kjem til å bli sakna som leiar, seier Kai Aage Pedersen ansvarleg redaktør i Firda, i pressemeldinga.

Grimeland står i stillinga til ny leiar er på plass.

– For meg er Firda den beste arbeidsplassen eg kan tenke meg. Tida som nyheitsredaktør har vore utruleg spennande, men også svært krevande. Etter 10 år som leiar ser eg no fram til å gå inn i rolla som journalist, seier Grimeland.

Grimeland starta som grafikar i Firda i 1985. Seinare vart han vaktsjef i redaksjonen, før han starta i stillinga som nyheitsredaktør i 2011.

Ansvarleg redaktør Pedersen opplyser at stillinga som nyheitsredaktør blir lyst ut med det første.

Powered by Labrador CMS