Tonje Noreng Trøen og Sanne Slåtten har fått fast jobb i Firda.
Foto: Marie Havnen /Firda
Tonje Noreng Trøen og Sanne Slåtten er fast tilsette i Firda
Henter fra NRK og egne rekker.
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Tonje Noreng Trøen (27) og Sanne Slåtten (26) er tilsette i fast stilling som journalistar i Firda. Det melder utviklingsredaktør Marie Havnen i ein e-post.
Sanne Slåtten har jobba som vikar i Firda sidan september 2018.
Ho kjem frå Førde og har ein bachelor i journalistikk frå Midddlesex University. Før ho kom til Firda hadde ho erfaring frå Sortlandsavisa.
Tonje Noreng Trøen er frå Valdres, og kom no frå vikariat i NRK Sogn og Fjordane.
Tonje var nynorskpraktikant ved Nynorsk Mediesenter våren 2019, og hadde praksis i NRK Supernytt. Ho har ein bachelor i marknadsføring og leiing av turismeopplevingar, samt at ho har studert lyd- og musikkproduksjon.