Mediefolk:

– Eg er takksam ovanfor styret som vil satse på meg som ansvarleg redaktør og dagleg leiar for det største mediehuset i Nordfjord, seier Håvar Fagerli.

Håvar Fagerli er ny ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende

Har tidlegare jobba som journalist i avisa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Styret i Fjordenes Tidende har tilsett Håvar Fagerli (45) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar, skriv avisa i ei pressemelding.

Han kjem frå jobben som områdeleiar eigedom i Vestland fylkeskommune. Den nye redaktøren er utdanna lærar og har arbeida som avdelingsleiar ved Måløy vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule.

Fagerli har tidlegare jobba som journalist i Fjordenes Tidende.

– Eg er takksam ovanfor styret som vil satse på meg som ansvarleg redaktør og dagleg leiar for det største mediehuset i Nordfjord. Det er ei stor ære å få denne sjansen. Fjordenes Tidende er godt framme i den digitale utviklinga, og det er spanande å få vere med å utvikle dette vidare, seier Fagerli i pressemeldinga.

– Vi er særs nøgd med tilsettinga av Håvar Fagerli som ny eineleiar i mediehuset. Han er ein samfunnsengasjert person med solide leiareigenskapar som vil styrke det gode teamet vi har av journalistar og marknadsrådgjevarar i Fjordenes Tidende, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.

Fagerli vil starte i stillinga 1. februar 2022.

Powered by Labrador CMS