Mediefolk:
Monica Aure Fallingen tar over etter redaktør Frank Kjøde, som går av med pensjon.
Foto: Nyss
Monica Aure Fallingen er ny ansvarleg redaktør i Nyss
– Eg er audmjuk og glad for å ha blitt vist denne tilliten.
Monica Aure Fallingen (40) tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Mediehuset Nyss, skriv mediehuset i ei pressemelding.
Fallingen er i dag redaksjonssjef i Nyss og har erfaring som journalist og redaksjonssjef i Sykkylvsbladet.
– Eg er audmjuk og glad for å ha blitt vist denne tilliten, og eg synest at det er ei spennande utfordring å få moglegheita til å peile ut kursen vidare for Nyss, saman med styret og dyktige medarbeidarar, seier Fallingen i pressemeldinga.
Nyss er den nye lokalavisa for Stranda og Sykkylven etter at Sunnmøringen og Sykkylvsbladet vart slått saman 1. januar 2021. Avisa har eit opplag på om lag 3500, og kjem ut kvar onsdag og fredag.
Avisa er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av mediekonsernet Polaris Media.
Fallingen vil starte i stillinga 1. desember 2021 og tar over etter redaktør Frank Kjøde, som går av med pensjon.
- Vi er særs nøgd med tilsettinga av Monica Aure Fallingen som ny eineleiar i mediehuset. Ho har lang erfaring og kjenner lesarane, nærmiljøet og næringslivet godt. Med Monica på laget har vi alle mogelegheiter til å ta nye steg og gje lesarane god journalistikk på alle plattformer, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.