Mediefolk:

Journalist Marit Folkedal Lussand (midten) er ny debattansvarleg i Hordaland. Her på desken i redaksjonen saman med utgåvesjef Terje Hjartnes og redaktør Guro Valland.

Marit Folkedal Lussand er ny debattansvarleg i Hordaland

– Det er eit spennande ansvar å få.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Hordaland styrkjer debattsatsinga og vil utvikla seg som stad der meiningar møtest, skriv avisa i dag.

– Folk skal tenkja at Hordaland er ein naturleg stad å diskutera ulike emne. Me vil skapa engasjement gjennom avisa, me vil nå breiare ut og me vil leggja til rette for fleire meiningar og fleire ordskifte. Difor satsar me på debatt-delen av Hordaland si rolle, og me er veldig glade for at Marit Folkedal Lussand har takka ja til å vera debattansvarleg hjå oss, seier ansvarleg redaktør Guro Valland til egen avis.

Marit Folkedal Lussand (27) har mastergrad i medievitskap og har vore journalist i avisa sidan hausten 2020.

– Det er eit spennande ansvar å få. Eg tykkjer det er flott og viktig med engasjement, og engasjerte menneske skal kunna tenkja at Hordaland er beste staden å syna engasjementet på. Det er kanskje ikkje alle grupper av innbyggjarane våre som tenkjer det i dag, men det er eit mål, seier Lussand.

Powered by Labrador CMS