Morten Hegseth og Vegard Harm på besøk hos Senkveld på TV 2 i 2019.
Foto: Helene Kjærgaard Sviland / Senkveld / TV 2 / NTB
Harm & Hegseth
Medietilsynet: VGTV gikk for langt i omtale av sponsa premiar
– Dette er eit klart brot på reglane, seier Hanne Nistad Sekkelsten i Medietilsynet.
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
I ein episode av Harm & Hegseth på VGTV i april omtalte programleiarane sponsa premiar frå Kondomeriet meir omfattande enn det er lov til, skriv Medietilsynet i ei pressemelding.
– Dette er eit klart brot på reglane, og vi gir VGTV ei åtvaring for brotet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør i juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, i pressemeldinga.
Sponsa premiar i eit program skal ikkje presenterast meir omfattande enn det som er nødvendig for å få vite kva premien er, og kven som har gitt han, skriv Medietilsynet.
VGTV uttaler til Medietilsynet at det er sett i verk konkrete tiltak for å sikre at regelverket blir følgt i framtida.
– Vi er tilfredse med at VGTV har gått gjennom rutinane sine for å sikre at reglane blir følgde. Medietilsynet har gitt sanksjonar i form av åtvaring i liknande saker hos andre aktørar. Derfor får VGTV tilsvarande reaksjon, seier Sekkelsten.
Nylige artikler
Advokat om omtale av Bodø Nu-dommen: – Må si at jeg stusser
Danby Choi etter TikTok-møte: – Problemet er løst!
17 kjappe
TV 2-kommentatoren etter Høiby-saken: – Har en bismak
Aftenposten felt for TikTok–søkefelt – her skjer det samme med Subjekt
Mest leste artikler
Åpner om kjendisstatusen: – Tidvis helt forferdelig
TV 2-kommentatoren etter Høiby-saken: – Har en bismak
Aftenposten felt for TikTok–søkefelt – her skjer det samme med Subjekt
– Hadde denne dekningen vært standard, tror jeg ikke et eneste overgrep hadde blitt anmeldt
«Å ja, her kommer jo Flåklypa Tidende»