Heidi Molstad Andresen går frå Samlaget til Nynorsk pressekontor
Foto: Privat
Mediefolk:
Heidi Molstad Andresen er tilsett som journalist i Nynorsk pressekontor
Frå Samlaget til NPK.
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Heidi Molstad Andresen kjem til Nynorsk pressekontor (NPK) frå fast stilling som sakprosaredaktør i Samlaget, og har tidlegare mellom anna jobba fleire år i Hallingdølen og i Dagbladet Magasinet, skriv NPK i ei pressemelding.
– Dette er stas. Det er ei fin fjør i hatten for oss å få ein journalist med så brei og allsidig erfaring på laget. Ho kjem til å gje oss fleire strengar å spele på, seier redaktør Jan Inge Fardal i pressemeldinga.
Molstad Andresen tek til i den nye jobben i november. På sikt skal ho også framleis vere tilknytt Samlaget som ekstern redaktør og konsulent.
– Å få lov til å formidle vesentleg journalistikk på nynorsk, er dessverre ikkje sjølvsagt. NPK har store ambisjonar og spelar ei svært viktig rolle i dagens bokmålsdominerte medielandskap. Eg håpar eg kan bidra med mitt for å gjere NPK endå meir synleg i alle dei nesten 40 abonnementsavisene deira, seier Molstad Andresen.
Nylige artikler
Journalist tiltalt i alvorlig overgrepssak: – Sjokk og sinne
Julebord i London og bonuser til alle ansatte
Lucia-sjokk i flere redaksjoner
17 kjappe
NTB snur – nå slipper hun å betale
Mest leste artikler
Klassekampen-spaltisten fekk pengekrav etter å ha delt eiga sak
Tusenvis av skjermdumper: – Aldri fått et eneste krav
TV 2 innrømmer regelbrudd: Risikerer krav på flere hundre tusen kroner
NTB forstår ikke hvordan internett fungerer
NTB-advokaten og redaktøren har selv delt skjermdumper