Ingeborg Grindheim Slinde går rett frå praksisperiode i NRK Troms til fast ansettelse i NRK Vestland.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
MEDIEFOLK:
Ingeborg Grindheim Slinde er NRK Vestlands nye journalist i Sogndal
– Det er ikkje kvar dag at praktikantar får tilbod om fast jobb medan dei framleis er i praksis.
Ingeborg Grindheim Slinde blir NRK Vestland sin nye journalist i Sogndal. Ho går rett frå praksisperiode i NRK Troms til fast jobb på lokalkontor. Det melder Nynorsk mediesenter på sine nettsider.
– Eg gler meg veldig til å bli ein del av lokalkontoret i Sogndal og løfte fram gode og viktige nyhende frå indre sogn, seier Slinde til NRK.
Ho starta opplæringa som del av kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter i januar. Med seg hadde ho erfaring frå Sogn Avis, Dagsavisen og studentmedia, i tillegg til ein mastergrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo.
Fra praktikant til fast jobb
– Vi er veldig glade for å få Ingeborg i Sogndal. Ho har god innsikt i regionen, og i tida som praktikant har ho vist seg som ein dyktig nyheitsreporter som ikkje er redd for dei vanskelege sakene, seier redaksjonssjef Linda Olin Reite i NRK Vestland.
Slinde blir med dette den tredje nynorskpraktikanten som får fast jobb i NRK denne våren. For leiar ved mediesenteret, Rune Fossum Lillesvangstu, viser dette at kompetansen mediesenteret tilbyr er ettertrakta.
– Dei fleste som startar her har avgrensa journalistisk erfaring i utgangspunktet. At vi kan legge dei første byggesteinane i journalistiske karrierer er eg utruleg stolt av, seier han.
– Ikkje kvar dag
Leiaren for mediesenteret er også full av lovord om den nye journalisten i Sogn, og understrekar at dette først og fremst er eit resultat av solid innsats.
– Det er ikkje kvar dag at praktikantar får tilbod om fast jobb medan dei framleis er i praksis, så dette er ekstra artig. Ho er ein talentfull journalist med nase for nyhende, og ho har utvikla seg svært godt medan ho har vore praktikant i Førde og Tromsø, seier Lillevangstu.
Nylige artikler
KI-kappløpet kan ikke bygge på gratisarbeid fra journalister
Rival røpet redaktørjobben: – Her er det aviskrig
Her heier jeg mest på Vebjørn Selbekk
Advokatfirmaer kuttet DN-avtaler: Avviser kobling til kritisk dekning
And the Gullparaplyen goes to...
Mest leste artikler
Vi har mista vår unike og rause venn og kollega
Slakter Klassekampens forståelse av statistikk
Det er en trojansk hest i Aftenposten-redaksjonen
Forlet Demo etter usemje
Derfor fjernet NRK intervjuet med barna