Mediefolk:
Sveinung Engeland har tidlegare jobba i Nationen og Mandag Mandag.
Foto: Audun Haugen
Sveinung Engeland tar over som reportasjeleiar i Nynorsk Pressekontor
Kjem frå Kartverket.
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Sveinung Engeland (54) tar over som reportasjeleiar og nestkommanderande i Nynorsk Pressekontor (NPK) i slutten av september, skriv NPK i ei pressemelding.
Engeland kjem frå Kartverket, der han har vore nettredaktør, kommunikasjonsrådgjevar og prosjektleiar dei siste åra.
Tidlegare har Engeland mellom anna jobba som nyhenderedaktør i Nationen og journalist i Mandag Morgen.
I tillegg til at han får ansvar for den daglege leiinga av redaksjonen, vil Engeland ha ei viktig rolle i arbeidet med å vidareutvikle og fornye pressekontorets redaksjonelle produkt. Han vil også vere stedfortredar for redaktøren, opplyser Jan Inge Fardal, dagleg leiar og redaktør i NPK.
Nynorsk Pressekontor sender årleg ut om lag 25.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet.