Høgskolen i Oslo. Foto: Birgit Dannenberg

Raude journalistspirer

Journaliststudentane ved Høgskolen i Oslo vil stemma raudgrønt. Frp hamnar på mikroplass.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

– Eg får håpa at journaliststudentane tek til vitet, seier Per Valebrokk, redaktør og administrerande direktør for E24.

Valebrokk reagerer på dei førebelse tala frå ei ny undersøking som viser ei klar venstrevridning blant førsteårsstudentane ved bachelorstudiet i journalistikk ved Høgskolen i Oslo (HiO). Undersøkinga stilte mellom anna dette spørsmålet: ”Kva politisk parti vil du stemma på ved Stortingsvalet 2009?” Studentane gjev dei raudgrøne partia 51 prosent av stemmene. Dette utgjer 64 prosent av dei som har bestemt seg.

Fløypartiet Rødt får støtte frå 11 prosent, medan FrP får skarve 3 prosents oppslutning. Valebrokk meiner dette kan vera uheldig for journaliststanden.

Lærarskuld

– Politiske sympatiar kan påverka journalistens evne til å presentera ulike parti. Venstrevridinga kan øydelegga for omdømmet til journalistane. Om tala frå undersøkinga stemmer så er Rødt fire gonger så stort som FrP blant desse studentane. Det er ikkje tillitsvekkjande for publikum, seier Valebrokk.

Han meiner at lærarane har si del av skulda for at studentane heller mot venstre i politikken.

– Mykje tydar på at lærarane ved journalistutdanningane er elitistiske. Me har eit døme frå hovudstaden der ein lærar oppmoda studentane om å ikkje søka jobb i VG. Den avisa var liksom ikkje god nok, seier E24- redaktøren og legg til:

– Det er ikkje atypisk at studentar er venstrevridde, men det kan bli eit problem om alle fortset å vera det ute i arbeidslivet.

Idealistar

Professor Frank Aarebrot har ei årrekkje kartlagt ”den typiske norske journalist”. Han er ikkje overraska over tala som no blir presentert.

– Desse studentane er kreative idealistar som er lite opptekne av pengar og dei stemmer deretter. Det er ikkje noko rart at dei stemmer på andre parti enn det NHH- studentar gjer, seier Aarebrot.

Journaliststudentane kjem med overveldande støtte til den sitjande regjeringa. Aarebrot meiner likevel at dette ikkje vil føra til ”dulling” med politikarar på venstresida. Han nemner Valla- saka som eit døme: ”ho kjende seg nok ikkje spesielt godt handsama av media.” Venstresympatiane kan heller gje meir skjulte, indirekte utslag i journalistanes prioriteringar, fryktar Aarebrot.

– Problemet er at redaksjonar blir indirekte påverka av partipreferansar. Me ser dette til dømes når NRK planlegg sine valsendingar: når dei skal presentera eit fløyparti vel dei oftast Rødt. Dette til tross for at Kystpartiet har hatt representant på Stortinget to periodar. Partipreferansar påverkar disponeringane som redaksjonane gjer.

Laber politikkinteresse

Det er professor Rune Ottosen ved HiO som står bak undersøkinga blant førsteårsstudentane. Tala vart presentert 1. september som ein del av eit undervisningsopplegg, og Ottosen understrekar at 10% av svara enno ikkje er ferdiganalyserte.

– Eg hadde helst sett at tala frå undersøkinga ikkje vart offentleggjort før alle svara er talt med og kvalitetssikra. Dei førebelse tala baserer seg på 66 svar, seier Ottosen.

Han er ikkje overraska over dei førebelse tala.

– Studentar er generelt meir radikale enn andre veljargrupper. Dessutan spelar det nok inn at sju av ti studentar på dette kullet er kvinner. Jan Fredrik Hovden si doktoravhandling viser at kvinnelege journalistar stemmer meir radikalt enn dei mannlege, seier han.

Undersøkinga viser også at studentane er lite interessert i politikk. Dette samsvarer med ein nordisk undersøking frå 2005 utført av Ottosen, Hovden, Gunn Bjørnsen og andre forskarar.

– Av nordiske journaliststudentar er dei norske minst interessert i politikk. Dette treng ikkje vera negativt. Det kan vera eit teikn på dei etterlever ideala om nøytralitet, seier Ottosen.

Nordiske Mediedagar har i ti år spurd journalistar kva dei stemmer på.

I 2008 ville Ap, SV og Rødt ha 120 av 169 representantar på Stortinget, om journalistane fekk avgjera.

Ei meiningsmåling presentert på Mediedagene i 2007 viser nedgang i omdømmet til denne yrkesgruppa. 48% svarer at dei har mindre tillit til media no enn for ti år sidan.

(Red. anm.:Professor Rune Ottosen sier han helst hadde sett at tallene fra undersøkelsen ikke ble offentliggjort før alle svar var talt med og kvalitetssikret. Han mener også journalisten burde klargjøre sin dobbeltrolle ved at hun selv er student og deltok i undersøkelsen.

Vi synes ikke den siste innvendingen er vesentlig, og mener det er nyttig for debatten om medienes dekning av politikk å få de foreløpige tallene fram før valgkampen er over.)

Powered by Labrador CMS