Regnhild Bjørge slutter som språksjef i NRK, og blir redaksjonssjef for Khrono i Bergen. Foto: Anne Liv Ekroll, NRK
Ragnhild Bjørge går frå NRK – blir redaksjonssjef for Khrono i Bergen
Går inn i nyoppretta stilling.
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Ragnhild Bjørge (42) blir redaksjonssjef for Khrono i Bergen, skriv Khrono.
— Eg er svært glad for at Ragnhild takka ja til jobben. Ho vil styrke Khrono-laget og blir sentral i den vidare utviklinga av avisa, seier ein nøgd redaktør Tove Lie, ifølge pressemeldinga.
Bjørge har dei siste åra som språksjef i NRK, og før det var ho fleire år i Dagsnytt.
Ho har ein master i nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda, og har studert juss og statsvitskap ved Universitetet i Oslo.
Bjørge vil gå inn i leiinga i Khrono og blir ein viktig person i den vidare satsinga på avisa.
– Khrono er på kort tid blitt den viktigaste kjelda til nyheitsstoff frå høgre utdanning, seier Bjørge sjølv.