Avtroppande kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen fekk prisen under landsmøtet til Noregs Mållag fredag.
Foto: Kristine Lindebø
Thor Gjermund Eriksen er tildelt Målblomen
Kringkastingssjefen fekk pris frå Noregs Mållag.
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
– Vi veit kor viktig det er med sjefar som heiar fram nynorskbruk, og som stiller krav når det trengst. Thor Gjermund Eriksen har hatt drivkraft og gjennomføringskraft for å få resulat for nynorsken, og det fortener ein «målblome», seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.
Avtroppande kringkastingssjef Eriksen fekk «Målblomen» under landsmøtet til Noregs Mållag fredag.
– Der andre har falle for freistinga å gøyme vekk målet om nynorsk, har Thor Gjermund Eriksen sett målet øvst på arket. Han har brukt sjefsmakta og synt at god språkbruk er eit leiaransvar, seier Hauge.
– Som kringkastingssjef har han sørgt for å vere oppdatert og orientert om språkarbeidet, og forankra planar i toppleiinga, i divisjonane og hjå redaktørane sine, seier Peder Lofnes Hauge. Dermed har vedtak av handlingsplanar for språk blitt til operasjonell plan og ført til praktiske tiltak i redaksjonane.