Kvinnheringen-redaktør Thomas Bruvik kal det neste halve året vere prosjektleiar for innvasjonsprosjekt. Foto: LLA
Tomas Bruvik skal vere prosjektleiar for LLAs innovasjonsprosjekt
Skal løfte lokalavisene digitalt.
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Tomas Bruvik skal det neste halve året vere prosjektleiar for LLAs innovasjonsprosjekt, skriv Landslaget for lokalaviser i ei pressemelding.
Han skal bygge opp eit digitalt kompetansesenter for lokalavisene og hjelpe spesielt dei minste lokalavisene med å løfte seg digitalt.
– Det blir spennande med noko som er heilt nytt i forhold til jobben eg har i dag. Eg kjem til å kontakte mange rundt om i avisene framover, og håpar at eg blir teken vel imot, seier Bruvik.
Han blir kjøpt fri som redaktør og dagleg leiar i lokalavisa Kvinnheringen det neste halve året. Bruvik er og styreleiar i LLA.
– Vi er svært glade for å ha fått Tomas til å ta på seg denne viktige oppgåva og for at Amedia har vore rause ved å låne han ut til LLA-prosjektet. Det skal gjerast mykje på kort tid; men Tomas kan mykje om digitalisering og så har han handlekraft, så dette ser vi fram til, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.
Bruvik tar til i februar og skal arbeide med prosjektet på heilt i eit halv år. Mona Grønningen skal vere redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen i Bruvik sitt fråvær.