Kringkastingssjef Thor Gjermund på taket av Kringkastingshuset på Marienlyst.

NRK hadde berre eit kravbrot i 2019

– Solid og variert tilbod, ifølge Medietilsynets rapport.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK skal sikre eit bredt og kvalitativt medietilbod til heile befolkninga, og Medietilsynet kontrollerer årleg at NRK fyller krava.

I fjor leverte allmenkringkastaren på dei fleste områda, med unntak av eitt, skriv Medietilsynet i ei pressemelding.

– NRK hadde eit solid og variert tilbod i 2019 som bidrar positivt til det norske mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet, i pressemeldinga.

– NRK har auka nynorskdelen dei siste par åra, og oppfylte i 2019 kravet både på radio og TV. Også på nett har nynorskdelen auka, men med 18 prosent er NRK framleis eit godt stykke unna kravet på minimum 25 prosent, seier Velsand.

For første gong på tre år oppfylte NRK i 2019 kravet om jamlege program for unge på dei samiske språka, og Medietilsynet meiner NRK hadde ei brei og balansert dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019 både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Medietilsynets vurdering av eit utval av krava til NRK

  • NRK bidrar til mediemangfaldet i Noreg gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget sitt. Oppdraget til NRK er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod som skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga.
  • Det samla tilbodet til NRK i 2019 hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar. NRK hadde eit solid innhaldstilbod som er ei kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap.
  • NRK har eit breitt nyheits- og aktualitetstilbod, ei rekke debattprogram og faste program som forklarer nyheitsbildet og set det inn i ein større samanheng. NRK hadde ei brei dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
  • NRK oppfyller krava til lokalt nærvær og lokal innhaldsproduksjon, og har distriktssendingar alle kvardagar.
  • NRK oppfyller kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og tilbod som appellerer til ulike aldersgrupper. NRK har også sendt program for nasjonale og språklege minoritetar i 2019.
  • NRK har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma, og arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet sitt.
  • NRKs sportssendingar dekker både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar, inklusive idrettsutøvingane til dei funksjonshemma.
  • NRK har eit breitt og variert kulturtilbod og oppfyller dei ulike krava knytte til formidling av norsk drama og ein variasjon av norske kulturuttrykk.
  • NRK oppfyller kravet til å spegle den religiøse arven i Noreg og eit mangfald av livssyn og religionar i det norske samfunnet.
  • NRK oppfyller krava om å spele minst 40 prosent norsk musikk i NRK P1 og NRK P3 med god margin, og delen norsk musikk i NRK P2 ligg med 39,6 prosent marginalt under kravet.
  • NRK oppfyller krava til at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt og at NRK skal utvise særleg varsemd med å tilby innhald som utset publikum for kommersielt press, særleg i program retta mot barn og unge

(Kilde: Medietilsynet)

Powered by Labrador CMS