Stillingsannonse:
Fjordenes Tidende søker ansvarleg redaktør
Søknadsfrist: 4. juni
Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Som redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende må du forstå samfunnsrolla til mediehuset, og ha hjarte og teft for å lage journalistikk som vedgår dei som bur i dekningsområdet.
Sjølv skal redaktøren vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarar og mediehuset sitt lesartilbod. Fjordenes Tidende har opparbeidd god kompetanse og ein sterk posisjon innan digital publisering, og den nye redaktøren får ansvaret for å vidareføre dette. Engasjement og interesse for digital innhaldsformidling vil difor bli vektlagd. Kjennskap til dekningsområdet vil også vere ein stor fordel.
Redaktøren er også dagleg leiar for mediehuset med personalansvar for heile staben, og rapporterer til styret.
Fjordenes Tidende AS er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av Polaris Media ASA. Avis og nettstad vert redigert på nynorsk.
Søknadsfrist er 4. juni, og søknad kan sendast til lidvar.flydal@smp.no
Spørsmål om denne stillinga kan rettast til styreleiar Lidvar Flydal, tlf 926 855 26 eller e-post lidvar.flydal@smp.no
Fungerande klubbleiar i redaksjonen er Bjørn Erik Drabløs: tlf. 941 36 428
eller e-post bjorn@fjt.no
Fjordenes Tidende sitt dekningsområde byr på eit allsidig næringsliv og eit levande og variert kulturliv. Lokalsamfunnet er prega av mange kreative personar med stor skaparevne som bidreg til vekst og utvikling. Den flotte og storslagne naturen nær storhavet har stor tiltrekningskraft for mange, til både sport og friluftsliv.