Nynorsk-duo tek over Presseforbundet

Nynorskbrukar Kjetil Haanes tek over som leiar for Norsk Presseforbund etter Elin Floberghagen. Med Harald Stanghelle som nestleiar vert det sterk nynorskovervekt i NP.

Publisert Sist oppdatert

Kjetil Haanes, som tok over som nestleiar i Norsk Journalistlag på landsmøtet i vår, seier han ikkje er nokon språkfanatikar, men at han vil nytte både bokmål og nynorsk frametter.

– Er nynorsken si stilling i norsk presse no sikra?

– Det vert i alle fall ikkje mindre tvil om kva norsk presse meiner ettersom nynorsk er eit svært presist språk, seier Haanes.

Nynorsk i Aftenposten

– Men nestleiaren din, redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten, skriv tilnærma dansk?

– Ja, han gjer så, men dialekten hans er gild. Eg synest Aftenposten som den kvalitetsavis det er, burde ha litt nynorsk. Det bør Harald bidra til og dermed også gjere avisa endå rikare.

Har nytta begge målformer

Kjetil Haanes har sjølv arbeidd i Sunnmørsposten og som konserntillitsvald i Orkla Media, seinare Mecom Europa, og nytte begge målformer utan at nokon har reagert negativt.

– I Sunnmørsposten går nynorsk og bokmål om kvarandre, utan at lesarane synst det er merkeleg. I tida som sentral tillitsvald opplevde eg til mi store glede at det ofte var slik at svenskar forstod meg best når eg nytta nynorsk. Også fleire av danskane fekk sansen etter kvart, seier han.