Mediefolk:

Nye oppgaver venter Håkon Haugsbø. Foto: Privat

Håkon Haugsbø starter for seg selv

NRK-veteranen forlater Kirkens Nødhjelp.

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Etter fem år som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, og før det 20 år som journalist i NRK, har Håkon Haugsbø hoppet av for å starte sitt eget selskap, som har fått navnet Haugsbø.

«I Kirkens Nødhjelp har eg hatt spennande og lærerike år, og hatt gleda av å bygge opp og leie ei kommunikasjonsavdeling med eit dusin dyktige og dedikerte medarbeidarar. Eg har også reist til nokre av dei mest urolege og minst trygge stadene i verda, og fått innsikt i ein del av dei største utfordringane på kloden», skriver Haugsbø i en epost til Journalisten.

«Men journalisten i meg er eit seigliva dyr, og skal no få ei friare rolle. Difor skal eg skal først og fremst jobbe med det eg kan og likar best; å leie debattar og samtaler på konferansar og seminar landet rundt. Ein vesentleg del av ordskiftet og meiningsbrytingane i samfunnet føregår nettopp på scener og podier i regi av organisasjonar, etatar og bedrifter. I eit fullstendig endra og algoritmestyrt medielandskap er kanskje desse analoge møtestadene viktigare enn før. Difor vil eg bruke mi lange erfaring som journalist og programleiar til å levere godt innhald og høg kvalitet på desse arenaene».

Powered by Labrador CMS