– Det er både overraskande og hyggeleg å bli kåra til «språkhelt», seier prisvinnar Tor Folgerø.

Nordiske Mediedager 2023

NTBs språkpris til Tor Folgerø i Hallingdølen

Juryen hyllar vinnaren for det effektive og levande nyheitsspråket hans.

Publisert Sist oppdatert

Tor Folgerø i Hallingdølen tok onsdag kveld imot NTBs språkpris under Nordiske Mediedager i Bergen.

– Det er både overraskande og hyggeleg å bli kåra til «språkhelt», seier prisvinnar Tor Folgerø i ei pressemelding.

– Det er stas å kjenne seg sett og verdsett. Og når eg for ein gongs skuld skulle bli kåra til helt, er dette ei helterolle eg fullt ut kan identifisere meg med. Både fordi eg sjølvironisk ser for meg ein språkhelt som ein klossete antihelt, gjerne med litt dårleg tilpassa progressive briller. Men også fordi språket er det verktøyet eg som skrivande journalist har å spele på. Det er det viktigaste eg har.

Han var ikkje kjend med at han var nominert til NTBs språkpris, før juryleiar og nyheitsredaktør i NTB, Hilde Schjerve, ringde for å invitere han til prisfest i Bergen.

– Eg fekk ei ut-av-meg-sjølv-oppleving då eg såg kven som sat i juryen, og kven som hadde fått prisen før. Det kjennest uverkeleg å finne mitt eige namn på same liste som mange av mine eigne språkheltar, seier han.

Det var ein einstemmig jury som kåra Folgerø til vinnar, etter å ha vurdert rekordmange journalistar frå heile landet. Folgerø var ikkje kjend for juryen frå før, men dei blei raskt begeistra av kreativiteten, humoren og det breie språklege registeret han spelar på.

– Det osar av høge ambisjonar og god gjennomføring. Folgerø jobbar i ein dal der dialektane og nynorsken er under press. Då er det ekstra tøft at språket i ei lokalavis sparkar så godt ifrå seg som det gjer i tekstane hans, seier juryleiar Schjerve.

Sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Tina Mari Flem, sluttar seg til hyllesta:

– Juryen har gjort eit strålande val! Årets vinnar er eit kroneksempel på kompromisslaus kvalitet og sjangerbreidde i lokaljournalistikken. Hallingdølane er heldige som kan smykke seg med ein slik språkhelt.

Grunngivinga til juryen:

«Når NTBs språkpris deles ut for 16. gang, er det til en kandidat som produserer mye, som behersker alle sjangre, og som utmerker seg med et presist og variert nyhetsspråk.

Vinneren skriver med høy selvtillit og er velformulert og underholdende i formen, enten saken handler om ukrainske flyktninger eller kjæledyr på avveie.

Språklig er årets vinner kreativ og avansert, men samtidig lettlest, humoristisk og tilgjengelig for alle lesere, som i intervjuet med avdelingslederen i kraftselskapet: «Huset ligg på ei av dei brattaste tomtene i kommunen. Spyttar nokon ein plommestein frå stigen langs Sundreberget, landar steinen mjukt på plenen. Eller hardt i skallen på Magnetun. Så ikkje prøv på det.»

Vinneren er ikke opptatt av å profilere seg selv i tekstene, men skriver uanstrengt og på en lite påtrengende måte. Det er et effektivt og levende nyhetsspråk, som når han skriver om «[t]urre fjellmagasin og straumprisar som stig. Me har blitt ramma av ein samfunnskritisk mangelsjukdom», og når han er dønn ærlig med leseren: «Dette er ei rein gladsak, utan eit einaste kritisk spørsmål».

Juryen ante lite om denne journalisten, men lot seg raskt begeistre av det enorme språklige registeret. Det oser av høye ambisjoner og god gjennomføring. Det er aldri rom for dilldall. Journalisten jobber i en dal hvor dialektene og nynorsken er under press. Da er det ekstra tøft at språket i en lokalavis kan sparke så godt ifra seg som det gjør i denne språkheltens tekster.

Vinneren av NTBs språkpris for 2022 er Hallingdølens Tor Folgerø.»

Tidlegare prisvinnarar:

  • 2021: Njord V. Svendsen, Khrono
  • 2020: Ingeborg Senneset, Aftenposten
  • 2019: Paal Uvaag, Morgenbladet
  • 2018: Per Anders Todal, Dag og Tid
  • 2017: Eirin Eikefjord, Bergens Tidende
  • 2016: Håkon Gundersen, Morgenbladet
  • 2015: Redaksjonen i Aftenposten Junior
  • 2014: Truls Dæhli, VG
  • 2013: Trude Lorentzen, Dagbladet
  • 2012: Iver Gjelstenli, Romsdals Budstikke
  • 2011: Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv
  • 2010: Hege Ulstein, Dagsavisen
  • 2009: Hallgeir Opedal, Dagbladet
  • 2008: Kjersti Mjør, Bergens Tidende
  • 2007: Kjetil B. Østli, Aftenposten
Powered by Labrador CMS