Sportsjournalist Harald Thingnes har gjennom heile livet hatt eit sterkt forhold til nynorsk.

Harald Thingnes fekk nynorskpris for journalistar

Forstod ingenting då juryleiaren ringde.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Harald Thingnes fekk fredag utdelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2018.

- Eg forstod ingenting då juryleiar Solveig Barstad ringde og lurte på kva eg skulle 8. juni. Heller ikkje då ho sa noko om Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar ringde det ei einaste bjølle, fortalde Thingnes i takketalen under Dei nynorske festspela.

Han forklarte vidare:

- Eg heldt på med på å pusse opp heime, var heilt inne i den bobla, og hadde like før snakka med ein røyrleggjar som hadde ambisiøse planar for kjellaren min. Eg forstod ikkje alt han sa, men nok til å skjøne at dette vart dyrt. Minuttet etter ringde altså Barstad for seie at denne prisen er på mellom anna 50.000 kroner. Då vakna eg. Dette var TV 2 Hjelper deg på sitt absolutt beste, sa prisvinnaren til stor latter frå salen.

Overskot av humor og forteljarglede

- Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, du får eit kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk, seier Solveig Barstad.

Ho er juryleiar og legg vekt på at det er leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som er Harald Thingnes sitt varemerke - same kva han rapporterer om.

- Thingnes sine ord og bilete smeltar mange gonger saman til rein forteljarkunst, og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkje seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte, seier seier Barstad.

Harald Thingnes har arbeidd i NRK Sporten i 20 år, og var før det tre år i nyhendeavdelinga i TV Norge. Han vaks opp i Vevring i Naustdal kommune, og i fylgje juryen nyttar han nynorsk normaltalemål med ein klar sunnfjordfarge.

Sterkt forhold til nynorsken

Sportsjournalisten har gjennom heile livet hatt eit sterkt forhold til nynorsk. Han hugsar tilbake til ungdomsskulen, då ei jente i klassen hans skifte hovudmål til bokmål.

- Det rokka ved heile identiteten min. Vi frå Naustdal i Sogn og Fjordane skal jo skrive nynorsk. Det var utan tvil ei vekkjar, seier Thingnes som ikkje ser det som eit alternativ å skrive noko anna enn nynorsk.

Powered by Labrador CMS