Synne Ulltang er fersk journalist i Framtida Junior.

Mediefolk:

Skriv nyheiter for barn på nynorsk frå Sør-Korea

– Ein del av jobben er lik den eg ville gjort om eg satt på Stord-kontoret, seier Synne Ulltang. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Synne Ulltang er fersk journalist i Framtida Junior, der ho skriv nyheiter for barn på nynorsk frå Sør-Korea.

Ho har frilansa litt tidlegare, men dette er den første faste journalistjobben.

No kjem ho frå jobben som nynorsk språkansvarleg i Skatteetaten, der ho leidde ei nynorsk språkgruppe som omsette tekstar frå bokmål til nynorsk. I tillegg arbeidde ho for å auke nynorskprosenten i etaten.

– Samtidig sakna eg meir kreativitet. Det førte til at eg brukte meir og meir av fritida mi på ulike skriveoppdrag. Til slutt kjentest det veldig naturleg å gå til journalistikken då stillinga i Framtida Junior dukka opp, seier Ulltang til Journalisten.

I tillegg var ho på jakt etter ein jobb som var meir fleksibel med tanke på arbeidsstad. Ulltang held nemleg delvis til i Sør-Korea, der mannen hennar bur.

Redaktør i Framtida Junior, Svein Olav Langåker, var open for at ho i ein periode kunne jobbe frå andre sida av jorda. 

– Slik sett er journalistyrket fantastisk. Det er ein jobb du kan ta med deg overalt.

Heimekontor frå Sør-Korea 

Denne gongen har Ulltang vore i Sør-Korea sidan midten av mai, men ho har reist fram og tilbake mellom Noreg og Sør-Korea sidan 2013. Då flytta foreldra hennar dit på grunn av jobb, og dei budde der i fem år. 

– Etter først å berre ha besøkt dei i feriar, enda eg opp med å både studere her sjølv og finne meg ein mann frå Sør-Korea.

Planen er at ho skal ha heimekontor frå Sør-Korea fram til mars neste år. 

Ein del av jobben er lik den ho ville gjort om ho satt på Stord-kontoret til Framtida Junior, forklarar Ulltang. Ho finn nyheitssaker for vaksne og gjer dei litt enklare for barn å forstå. 

Ho intervjuar også barn som bur i Noreg, i tillegg til at ho skriv saker frå Sør-Korea og intervjuar barn og unge som bur der. 

Og sjølv om ho sit på andre sida av jorda, er ho med på faste morgonmøte med redaksjonen i Noreg og har dagleg kontakt med kollegaene via Slack og e-post. 

– Samarbeidet har fungert strålande så langt. Eg har veldig kjekke kollegaer i Framtida Junior og søsteravisa Framtida.no.

– Meiningsfullt 

Ulltang har bakgrunn som lærar og har alltid vore opptatt av det å skrive for barn, mellom anna ved å vere engasjert i Lille norske leksikon-prosjektet. Ho var også deltakar på NFFO sin forfattarskule der dei jobba med sakprosa for barn og unge. 

Då stillinga i Framtida Junior dukka opp, var det dessutan eit stort pluss at det er ei avis som kjem ut på nynorsk. 

– Nynorsk er det skriftspråket eg kjenner meg mest heime i. 

I Framtida Junior kan Ulltang leike endå litt meir med tekst og bilde enn ho har gjort i tidlegare jobbar. Sidan redaksjonen er såpass liten, set ho også pris på at det er færre ledd frå idé til gjennomføring.

– Så er det veldig kjekt å få tilbakemeldingar frå barna eg intervjuar, både før og etter intervjua. Eg får tilbakemeldingar på at dei gler seg til å snakke med ein journalist og at dei er stolte etterpå når intervjuet står på trykk. Det kjennest meiningsfullt.

Powered by Labrador CMS