Journalist i 100% stilling

LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Firma
Avisa Hordaland
Søknadsfrist
14.09.17

Hordaland er lokalavis for Voss og nabobygdene. Med eit opplag på ca. 8000 er Hordaland den største lokalavisa i fylket og held til i eige avishus sentralt på Voss. For meir informasjon, sjå www.avisa-hordaland.no.

Voss er regionsenter i indre Hordaland med ca. 14.600 innbyggjarar. Bygda er ei naturperle med gode moglegheiter til rikt og aktivt friluftsliv heile året. Kommunen er ein god stad å veksa opp og har eit breitt spekter av tilbod innan utdanning, kultur og idrett. Voss har eit variert næringsliv og mange sosiale møteplassar.

Journalist i 100% stilling

Me søkjer journalist i 100% stilling!

Likar du å fortelja dei gode historiene? Er du levande interessert i lokalsamfunnet? Er du samarbeidsvillig og jobbar raskt og effektivt?

Då kan du vera den me leitar etter!

Hordaland søkjer ein journalist i fast stilling.

Me er ute etter ein allroundjournalist med journalisterfaring og god teft for nyhende.

Den som får jobben må ha god digital kompetanse. Kjennskap til fotografering, inkludert video, er viktig.

Du må ha sertifikat for personbil.

Målet vårt er nynorsk, og stødig og godt språk er ein føresetnad.

Hordaland kjem ut med papiravis tre dagar i veka, og publiserer dagleg på nett. Alle våre journalistar leverer til begge plattformer. Den som vert tilsett går inn i vår vaktturnus.

Me ynskjer snarleg tiltreding.

Løn etter avtale.

Førespurnad om stillinga kan rettast til:

Redaktør Geir Geitle, tlf 404 19 953, eller

Klubbleiar Ørjan Brattetveit, tlf 416 23 262.

Skriftleg søknad med cv og evt. arbeidsprøvar kan sendast på e-post til: [email protected]

Søknadsfrist 14. september 2017.

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Din stillingannonse her? Kontakt annonseselger Frode på mobil: 907 39 687 eller e-post: [email protected]

Søknadsfrist
19.11.2017
Søknadsfrist
20.11.2017
Søknadsfrist
20.11.2017
Søknadsfrist
20.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
27.11.2017
Søknadsfrist
01.12.2017
Søknadsfrist
03.12.2017

Les også

TRONDHEIM (Journalisten): Etter å ha gått gjennom forsideoppslagene om terroristen, kunne Anne Gjelsvik dele bildebruken i fire faser.

Kjersti Løken Stavrum, administrerende direktør i Stiftelsen Tinius, mener mangelen på kvinner i ledelsen er gårsdagens problem som ennå ikke er løst.