Jamnt fordelt amatørskap

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Så er Arbeideravisa historie igjen. Fordelinga av skuld er i gang. Dagen etter nedlegginga langer redaktør Charles Utvik ut mot eigarane. – Sjølv ein kioskeigar på hjørnet kunne ha drive det betre, seier han til Adresseavisen.

At kjenslene raser blant folk som mister jobben, er ikkje til å undrast over når dei til og med går høgt hos ein vanleg abonnent. Sjølv var eg så oppgitt over produktet etter dei første vekene at eg var nær ved å be om stans i leveringa. Avisa var rett og slett oppsiktsvekkande dårleg. Det gjorde vondt når ho kom.

Eg tok meg på tak, og skreiv eit femsiders brev til styreleiaren. Innhaldet var dels eit grunngitt slakt, dels ei rad framlegg til betring. Svaret eg fikk, var tilbod om redaktørjobben. Sia dei tilsette har heilt rett i at prosjektet mangla både pengar og profesjonalitet, takka eg nei.

Éin ting er verd å merke seg etter havariet: Mens styreleiaren har tatt kritikk på både det eine og det andre, er den daglege leiinga tilsynelatande heva over den slags. Det er eigna til undring når redaktøren ikkje tar den minste, lille bit av ansvaret for at produktet vart som det vart. Han har trass alt hatt pengar til å drive avis i nesten tre månader. Eit kort innlegg tillet ikkje å gå i detalj om kor det har svikta. Eit laussal som datt til 1000 eksemplar i veka og følgande to karakteristikkar seier i grunnen det meste:

Storaksjonær og kjøpmann Trond Lykke: – Det kom jo ingen ting.

Sjefredaktør Arne Blix i Adresseavisen: – Det er ikkje nok å berre komme ut.

Dagleg leiar er oppgitt over at avisa har vore underbemanna frå dag ein. Da må ein spørre seg om han ikkje var klar over kor mange han sa ja til å vere dagleg leiar for.

Eg hører til dei som ønska avisa velkommen, og synest det er trist at den går inn. Eg er samtidig heilt ueinig med Byavis-redaktør Paul Jostein Aune, som meiner statuttane gjorde avisa til eit dødfødt prosjekt. Tvert om, meiningsberande aviser er i framgang. Hadde redaktøren vore tru mot statuttane, kunne mye ha sett annleis ut. I dette tilfellet er det nok heller jamnt fordelt amatørskap som forklarer fallitten.

Powered by Labrador CMS