Konspirasjonen

Konspirasjonen

Konspirasjonsteoriar er eit veksande fenomen på norske nettsamfunn.

Den siste eg har kome over, vart lagt ut på nettet den 14. september og vart i fullt alvor diskutert på Facebook. For dei som ikkje gidd lesa: I korte trekk handlar det om eit møte mellom leiande norske redaktørar der dei diskuterte korleis dei best skulle halda borte all informasjon om ungdomsopprøret mellom svensk invandrarungdom, og som Dagsrevyen sende eit innslag om den neste siste helga i september.

Ein annan sak som stadig vert diskutert på nettet, er det danske Extrabladets reportasjer om integreringa av dansktyrkarar der høgdepunktet var reportasjen om den tyrkiske rikmannen som er ordførar heime i Tyrkia medan han hevar trygd i København. Extrabladet har òg i samarbeid med Danmarks statistikk presentert tal for arbeidsdeltaking: Danmark har i dag 58.726 dansktyrkarar, i aldersgruppa mellom 60 og 64 hevar 100 prosent trygd og 66 prosent av dei mellom 25-59 lever på offentlege ytingar.

Hovudkonspirasjonen er enkel: Desse og andre avsløringar frå våre naboland er høgst relevante for norske tilhøve og fortel at det multikulturelle samfunnet var ein fiks idé som var dømt til å gå gale, og når prova vert så mange, må det vera ein grunn til at norske media generelt og NRK spesielt ikkje fortel om dette. Og årsaka til hemmeleghaldet er enkel, meiner konspirasjonsteoretikarane: Norske journalistar og redaktørar er livredde for at Framstegspartiet skal koma til makta og slik øydeleggja alt vi mediefolk vil tru på, sjølv om røyndomen fortel oss noko anna. At NRK endeleg tok motet til seg og fortalte om hendingane i Sverige, berre stadfestar konspirasjonen. For når var det NRK synte reportasjen om alle desse hendingane som hadde gått før seg i august og byrjinga av september? Jau, helga etter Stortingsvalet.

Sjølvsagt er konspirasjonane vås: Det er ikkje noko koordinert samarbeid mellom norske medium om å halda attende informasjon.

Men, vil eg påstå, dei har likevel eit element av sanning i seg. Når brannmenn vert angripne med stein, politi kjeppjaga, over hundre bilar sett i bran, omfattande snylting på velferdsstaten avslørt, og det i våre naboland, så hadde det vore naturleg å rapportera om dette og slå det stort opp.

Og nei, sjølv om redaktøren min heilt sikker hadde gjeve meg høve til å fara både til Danmark og Sverige: Eg har heller ikkje skrive noko om desse sakene. Få skal likevel kunne skulda meg for å vera ein mjuk SV-journalist: Eg trur at den europeiske velferdsstatsmodellen som vi kjenner han, kjem til å gå under og vi endar opp med det antropologar og Robert Putman kallar eit low trust society. Tal som dei frå Danmark finn vi att i alle vesteuropeiske land med unnatak av mellomhavslanda, som ikkje har særleg godt utbygde velferdstatar. Og tala, meiner eg, vil tvinga fram dramatiske endringar. Eg trur vidare at mange journalistar er samd med meg her. Og om det er slik, burde vi sjølvsagt skriva om dei svenske og danske tilstandane – ofte. For folk har rett til å vita og vi ein plikt til å fortelja.

Så kvifor skriv så få om dette, og kvifor dekkjer vi ikkje det som skjer i våre naboland? Eit delsvar er sjølvsagt at ein del norske journalistar og redaktørar faktisk er forsofne SV-ar og med viten og vilje unngår slik informasjon. Men i høgda trur eg dette berre er ei delforklaring. Mitt svar er at mange enkelt og greitt ikkje orkar. Sverige og Danmark er for nært, desse landa er ikkje Israel eller ein forstad i Paris. Vi forstår språka, vi ser at samfunna grunnleggjande sett er som vårt – og det er vondt. Og det er denne haldninga eg møter når eg diskuterter innvandringsproblematikk med medjournalistar og som eg finn att i meg sjølv: Eg orkar stort sett ikkje meir, eg har dvelt nok ved elendet. Dessutan: Vi veit med oss sjølve at det ikkje er så mykje å gjera med utviklinga, og om vi stadig vekk skriv og rapporterer om dei veksande konfliktlinene i våre naboland – og i vårt eige – bidreg vi ved å gje dei merksemd jamvel til å gje dei auka kraft og med det bringa sluttpunktet for den nordiske modellen endå nærare.

Og jau då, når det vert for dominerande, for overveldande til at vi kan lata vera, skriv vi om sigøynerkriminalitet, asyljuks og narkolanging her heime. Men vi er sjeldan eller aldri viljuge til å trekkja konklusjonane: Ikkje at konspirasjonsteoretikarane har rett i diagnosen om norsk presse, men at samfunna våre i år framover kjem til å gå gjennom dramatiske endringar. Ungdomen i Göteborg har mala skrifta på veggen.

Annonser

Ledige stillinger:

Les også

Journalisten besøkte redaksjonen for å se hvordan de forbereder seg til lansering i juli. 

Morgenrutinen:

I tillegg er hun ikke særlig glad i saker sakset fra utenlandske medier med titler som «Sarah (27) ble tatt for sex med elev – klarer ikke å slutte å smile».

BILDET:

Med fotoutstillingen «Jeg elsker» ønsker fotografen å bryte tabuer.