Debatt:

«Det ingen merka, korkje BT, Tybring-Gjedde eller PFU, var at omgrepet «brunskvetting» i kommentarartikkelen i BT 8. juli vart brukt i ei heilt anna tyding enn den som har vore vanleg», skriv språkviter Kjell Johan Sæbø.

BT, Frp, PFU og «brunskvetting»:
Alle misforstod

Avisa kunne godt ha blitt felt dersom god presseskikk omfatta å ikkje snu språket på hovudet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Innlegget ble først publisert på bloggen til Kjell Johan Sæbø.

Pressas Faglege Utval hadde onsdag møte og avviste klaga frå Christian Tybring-Gedde, så Bergens Tidende blei ikkje felt for å ha skrive at Oslo Framstegsparti dreiv med brunskvetting. Det ingen merka, korkje BT, Tybring-Gjedde eller PFU, var at omgrepet «brunskvetting» i kommentarartikkelen i BT 8. juli vart brukt i ei heilt anna tyding enn den som har vore vanleg. Avisa kunne godt ha blitt felt dersom god presseskikk omfatta å ikkje snu språket på hovudet.

I kommentarartikkelen stod det:

  • «Forsøket på mytteri og brunskvetting i Oslo Frp ble slått kraftig ned, men den indre striden i partiet er ikke over.»

Og i klagen stod det:

  • «I den påklagede kommentaren er begrunnelse eller dokumentasjon helt fraværende, og påstander om ‘brunskvetting’ og tilknytning til nasjonalsosialismen får dermed stå som en ubegrunnet, men meget belastende påstand.»

I tilsvaret skreiv BT mellom anna:

  • «Klager ønsker å få en slutt på praksisen der politikere på høyresiden kan omtales med begrepet ‘brunskvetting’ eller ‘brunbeising’.»

Heilt misforstått

Så kva legg dei i dette omgrepet, alle tre aktørane i denne klagesaka? Ein ekstra peikepinn får vi i grunngjevinga for frifinninga i PFU:

  • «Etter utvalgets mening er det ikke tvil om at ordet «brunskvetting» assosieres med nasjonalsosialisme, og at bruken av det derfor fordrer ekstra varsomhet.»

Noko slikt som dette, altså: Å brunskvette er å gje uttrykk for haldningar som kan assosierast med nasjonalsosialismen.

Og dét er noko nokså nytt. Det rimer ikkje i det heile med måten ordet er brukt på av Frp sin eigen Per-Willy Amundsen i NRK-saka frå 2008 – Driver med brunskvetting. Her seier han at Jens Stoltenberg driv med brunskvetting når han kritiserer Siv Jensen for å «skape mistenksomhet mellom grupper med ulik etnisk bakgrunn» og seier at «historien er full av eksempler på konflikter som handler om» det. Frå artikkelen på NRK:

  • Frps innvandringspolitiske talsmann, Per Willy Amundsen, reagerer spesielt på Stoltenbergs uttalelse om at historien har lært oss at det kan være farlig å stigmatisere innvandrere, slik Siv Jensen gjør.– Det er stygt og utidig å antyde at Frp har brune holdninger, sier Amundsen.

Det han legg i omgrepet, er altså noko slikt som: Å brunskvette er å gje uttrykk for at den ein talar om, har haldningar som kan assosierast med nasjonalsosialismen.

Og dét er jo noko heilt anna. Å brunskvette i denne tydinga er å skulde andre for å brunskvette i den andre tydinga.

Det gamle og det nye

Det er nok denne som er den opphavlege: Verbet «brunskvette» og nominaliseringa «brunskvetting» har opphavleg ei meir samansett meining enn dei no ser ut til å få. Det har vore ei semantisk rolle meir, som no blir borte, ei rolle som har kunna knytast til i form av eit objekt («brunskvette sine kritikere», document.no) eller ei PP («brunskvetting mot målrørsla», utdanningsnytt.no). I den nye tydinga går det ikkje med desse syntaktiske utfyllingane.

Søk på «brunskvetting» i arkivet i Bergens Tidende gir 10 saker: 8 der ordet er brukt på gamlemåten og 2 der det er brukt på nymåten. Det litt rare er at BT sjølv, i tilsvaret sitt i den aktuelle saka, synest å blande ihop dei to tydingane, for dei skriv òg, mellom mykje anna:

  • Brunskvetting innebærer å insinuere at noen har koblinger til brune ideologier.

Ja, nett så! Men det lèt seg ikkje sameine med det som var meininga i kommentaren. Eller skal vi lese dette som ein freistnad på å vri på den meininga i ettertid – det kommentatoren eigentleg meinte, var at det var Jensen-folket, ikkje Tybring-Gjedde-fraksjonen, som hadde brunskvett, når dei sette foten ned mot nasjonalkonservativismen? Eg trur ikkje det, det blir for søkt.

Men det melder seg ein interessant tanke: Kunne ikkje PFU ha avvist klaga på reint språkleg grunnlag? Grunngjevinga kunne sjå ut omtrent slik:

  • «Utvalget kan ikke se at det påklagde begrepet i kommentaren er brukt i samsvar med gjeldende språkfølelse, og fastslår at det dermed er maktesløst. Klagen er derfor uten gjenstand, og Bergens Tidende har riktignok brutt god språkskikk, men ikke god presseskikk.»

Men dette var nok siste sjanse, for snart er det vel for seint, og det blir like greitt å skrive om Tybring-Gjedde at han brunskvetter som å skrive det om Stoltenberg.

Powered by Labrador CMS