Morgonrutinen:

– Eit bilde frå då eg intervjua verdas sterkaste mann på Island i 2018 – eg er han til venstre, skriv NRK-journalist Ole Kristian Årdal.
– Eit bilde frå då eg intervjua verdas sterkaste mann på Island i 2018 – eg er han til venstre, skriv NRK-journalist Ole Kristian Årdal.

Ole Kristian Årdal jakta på verdas dyraste fiolin: – Då eg møtte fiolinisten, vart han rasande

Ville helst ha dratt på fjelltur med Britney.

Publisert Sist oppdatert

I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten de samme spørsmålene på e-post til en rekke personer som er tett på mediebransjen.

Ole Kristian Årdal er kulturjournalist i NRK.

Her kan du lese flere Morgenrutinen.

– Kaffi eller te?

– Kaffi, men tar gjerne også ein sånn pumpkin spice latte frå Starbucks.

– Kva har du på nattbordet?

– Ei plante, to pennar, essay-samlinga «Å gå seg vill» av Rebecca Solnit og eit lisseslips.

– Når om morgonen startar hovudet å tenke jobb, og kva medium må du innom?

– Dei siste to åra har eg jobba mest med lange saker, så då går gjerne den same saka og kvernar i hovudet i mange dagar. For mykje innputt på morgonen kan ofte vere distraherande, men pleier å høyre på Nyheitsmorgon på veg til jobb.

– Kva overskrift skulle du ønske du såg på trykk i dag?

– Denne vinteren blir den mest snørike på over 100 år.

– Kva er ditt beste tips for å finne gode saker?

– Snakke med folk. I tillegg må ein slenge ut intervjuførespurnadar i hytt og vêr til folk ein har veldig lyst til å snakke med, men som mest sannsynleg aldri vil takke ja til intervju. Så svarer kanskje 2 prosent ja.

– Kva er den tynnaste saken du nokon gang har laget, og hvorfor blei den likevel publisert?

– Skulle gjerne hatt noko snadder å kome med her. Men har styrt unna dei syltynnaste sakene så langt.

– Om du kunne velje kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjue ansikt til ansikt, og kvifor?

– Ein dag med Britney Spears hadde ikkje vore feil. Utan støtteapparatet og alt maset rundt. Kanskje vi kan ta ein lengre fjelltur, der ho kan få snakke ordentleg ut om ting. Kvifor brukar ho berre playback på konsertane sine? Ho har jo ei fin stemme. Er det fordi ho dansar så mykje at ho blir andpusten? Kva med å danse litt mindre og synge meir?

– Og kva er greia med pappaen hennar? Er ho fri, eller blir ho kontrollert av mørke krefter? Og blir ho ikkje lei av alle kommentarane på Instagram frå folk som ber ho om å legge ut hint så ho kan bli redda, når ho kanskje berre har lyst til å vise fram ein fin kjole som ho har kjøpt? Så mange spørsmål.

– Kva er din viktigaste eigeskap som journalist, og korleis brukar du den?

– Forteljande journalistikk har på mange måtar blitt mi greie. Eg føretrekker å legge så mange kort som mogleg på bordet når eg møter intervjuobjektet. Dette er den historia eg ser for meg å skrive. Kanskje kan ho begynne slik, eller kanskje kan ho begynne slik, eg veit ikkje heilt enda. Men vi må i alle fall snakke om dette, og dette, kanskje innom dette også. Kva tenkjer du om det?

– Hva er det gøyaste eller raraste du har opplevd i jobben?

– Eit av dei første oppdraga eg fekk for NRK var å prøve å finne ein av verdas dyraste fiolinar, som for over 100 år sidan vart kjøpt med Bjørnstjerne Bjørnson sine Nobelpris-pengar. Fleire i fiolinmiljøet prøvde å halde meg vekke frå instrumentet, og serverte meg den eine løgna etter den andre.

– Fiolinen var nemleg i ferd med å bli seld for fleire millionar dollar. Dei frykta at merksemd frå media kunne påverke salet. Men eg fann han heldigvis til slutt, på ein liten kammermusikkfestival i Jerusalem. Då eg møtte fiolinisten, vart han rasande, og fekk vaktene til å kaste meg ut av festivalen. Eg fekk også ein streng e-post frå ein russisk fiolinagent om å halde meg langt vekke. Eg klarte heldigvis å snike meg inn igjen i konsertlokalet og ta eit bilde av fiolinen frå galleriet.

– Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

– Eg såg dokumentarfilmen «Bjarne vil ikke på film» på nytt igjen for ikkje så lenge sidan. Sikkert for fjerde eller femte gong. Ein heilt genial film der motstanden er at hovudpersonen, den 70 år gamle bonden Bjarne Yri frå Oldendalen, ikkje vil bli filma. Eit nydeleg film om vennskap, Bygde-Noreg, frykta for det ukjente og kor ufatteleg strevsamt det er for den norske mannen å snakke om kva som går føre seg på innsida.

– Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

– Å få folk til å velje grønsaker, når det samtidig ligg hundrevis av smågodt ved sidan av som skrik etter merksemd. Dette gjeld både NRK og mediebransjen generelt.

– Kva kan journalistar og mediehus gjere for å betre tilliten til dei redaksjonelle media?

– Halde fram med å lage god journalistikk, og heile tida streve etter å spegle mangfaldet i landet og verda vi bur i. Både når det kjem til kjønn, religion, yrkesgrupper, kulturell bakgrunn osv.

– Kva bilde eller video fekk deg sist til å stoppe opp?

Jacob Collier & Daniel Caesar - Best Part (Live in Toronto) på Youtube. Har sett den videoen sikkert 38 gongar.

– Når loggar du av for kvelden?

– Cirka klokka 23 (men berre å ta kontakt seinare også, altså, om det er noko viktig.)

Powered by Labrador CMS