Roger Sevrin Bruland får nynorskpris.

Pris til NRK-korrespondent

Roger Sevrin Bruland får nynorskprisen for journalistar

Vart overraska med Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland trudde han skulle fortelje kollegaene i NRK om korleis han bur seg på Ukraina-oppdrag. Men det heile viste seg å vere avtalt spel: Bruland vart i staden overraska med Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, melder NRK i ei pressemelding.

– No tok de meg heilt på senga. Dette er kjempeoverraskande og kjekt. Eg er heilt mållaus, og det er det sjeldan eg blir, sa Roger Sevrin Bruland på storskjermen på Marienlyst, står det i meldinga.

– Det er ei sann glede for juryen å gje prisen til Roger Sevrin Bruland, sa jurymedlem Jens Kihl.

Han peika på den journalistiske jobben Bruland gjer under ulike kriser i Europa, og at språket hans er gjennomført, tydeleg og lett forståeleg.

– Journalistar skal bruke eit daglegdags og ukomplisert språk, og då er nynorsk eit veldig godt verktøy. For meg fungerer det veldig godt til å rapportere utanriksnyhende. Det hjelper meg til å halde beina på bakken, og til å halde språket enkelt og slik at alle kan forstå nyhenda, sa Bruland.

«Nynorsk er eit språk som ikkje berre kan kle seg i bunad, Felleskjøpet-caps og hornbriller. Det må òg passe inn i pressevesten, under hjelmen og bak vernebrillene. Årets prisvinnar tek ansvar for at det skjer», står det i grunngjevinga frå juryen.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk, som blir overrekt vinnaren under Dei Nynorske festspela i Ørsta i juni.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.

Juryleiar er Solveig Barstad, programleiar og journalist i TV2. Dei andre jurymedlemmane er Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende, og Øystein Vangsnes, professor ved UiT Noregs arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet.

Powered by Labrador CMS