Nye praktikantar klare for NRK Nynorsk mediesenter

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio

NRK Nynorsk mediesenter har tilsett fem nye praktikantar. Dei byrjar i NRK i starten av januar 2025, og skal då få opplæring og praksis fram til praktikantperioden er over 30. juni.

Her er kull 42 ved NRK Nynorsk mediesenter:

  • Regine Engelina Hatvik (22) frå Os, Vestland
  • Håkon Kummermo (25) frå Haugesund, Rogaland
  • Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd (29) frå Voss, Vestland
  • Fride Kvamsøe Rekdal (26) frå Rekdal, Møre og Romsdal
  • Magnus Vattekar Sandvoll (25) frå Kyrkjebø, Vestland

– Å få fem nye folk inn i redaksjonen, alle med ulike bakgrunnar og erfaringar, er alltid kjekt. Ved at vi rekrutterer utanom journalistutdanningane, så tilfører praktikantane andre idear, og dei har ofte innsikt i miljø som ikkje alle andre journalistar har, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

Powered by Labrador CMS