Helge Skodvin er Årets frilanser

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio

Den prisbelønnede frilansfotografen Helge Skodvin kan nå også smykke seg med tittelen Årets frilanser. 

Prisen ble delt ut under en festmiddag på journalistkonferansen Hauststormen i Bergen lørdag kveld.

Helge Skodvin.

Det er NJ Frilans som står bak prisen.

Juryen har bestått av Sigri Sandberg (frilanser), Per Christian Selmer-Andersen (Årets frilanser i 2022) og Jens Kihl (kulturredaktør i Bergens Tidende)

Dette er juryens begrunnelse:

I år var det mange sterke namn å velje i: Sakprosaforfattarar, kritikarar, gravejournalistar, essayistar og heltar i frilansarbeidet låg alle i bunken, men juryen samla seg raskt om ein av dei nominerte fotografane. For å vere heilt ærleg: Det meste av møtet gjekk i grunnen berre med til å prate om kor ekstremt velfortent det er at han vinn i år.

For kor ofte skjer det at eit frilansarbeid tek vegen frå ei snøggbåtkai på Vestlandet og går verda rundt? I fjor skjedde det minst éin gong.

Jon Fosse – nei, det er ikkje han som får denne prisen – stilte opp for Getty Images morgonen etter at verda hadde fått vite at han var årets vinnar av Nobelprisen i litteratur. Dagen før var høg og ljos. No hadde det skikkeleg vestlandske haustvêret sett inn. På 27 eksponeringar og ni minutt fanga Helge Skodvin fire tiårs forfattarskap – og ein etter kvart klissblaut Fosse. Resultatet er så eksepsjonelt at det for mange er dette, og ikkje bileta frå den faktiske utdelinga i Stockholm, som illustrerer Nobelprisen i litteratur 2023.

Er det fotojournalistikk? Er det kunst? Er det så nøye? Det er uansett eit handfast prov på at frilansarar kan skape resultat som set seg fast i oss og får tida til å stogge ein augneblink eller to.

Dette biletet åleine hadde gjort Skodvin meir enn godt nok kvalifisert for prisen Årets frilansar. Men det er meir her.

Gjennom 25 år har Helge Skodvin inspirert andre gjennom sitt modige, sjølvstendige og undersøkjande arbeid. Han har gjeve ut bøker, motteke prisar og stilt ut i inn- og utland. Det er like naturleg å sjå eit verk av Skodvin på Statens høstutstilling i Kunstnernes hus i Oslo som det er å sjå det i New York Times. Og signaturen er heilt tydeleg. Same om motivet er utstoppa dyr på reise, valkampfesjå med Erna eller julefeiring i plastikkens tidsalder, veit du at dette, dette!, er eit Skodvin-foto. Det handlar om teknikk, naturlegvis. Men kanskje aller mest om ein djup kjærleik til vanlege folk og kvardagen deira.

I tillegg deler Skodvin raust til kollegaer og publikum frå frilanskvardagen på sin eigen Facebook-vegg. Den er både fagleg, inspirerande og underfundig, og det fortel noko om alle timane mellom desse millisekunda der eit motiv er fanga med perfeksjon.

Så for å avslutte der vi starta, nemleg på Frekhaug snøggbåtkai, kan det passe med nokre liner frå Skodvins Facebook-oppsummering av Fosse-fotograferinga.

«Fredag morgen klokken 09:00 ruller Fiaten til Jon Fosse ned bakken til Frekhaugkaien.

– For et vær, sier jeg.

– For et vær, sier han.

– Gratulerer, sier jeg.

– Takk, sier han.

Det regner helt vanvittig mye. Kaien er tom. Kun Fosse og meg. Bak venterommet står en kar og fisker med stang.

– Skikkelig Vestlandet, sier han.

– Vestlandet for viderekomne, sier jeg.

– Det blir sikkert bra bilder, sier han.

Vi går ut på kaien.

– Ikkje for nærme kanten, sier han.

– Her er fint, sier jeg.

Jeg tar åtte eksponeringer. Den siste sitter. Blitsen, regnet, fjorden. Tror det blir bra.

Vi går bak et naust, i le for vinden, og tar noen tette portretter.

19 eksponeringer. Fosse er våt, alt er vått.

– Faen, eg gløymde å lukke vindauge på bilen, sier han.

– Faen, sier jeg.

– Alt er vått, sier han.

– Takk for nå, sier jeg.

– Takk for no, sier han.

Klokken 09:09 kjører Fiaten oppover bakken fra kaien. Jeg drar hjem. Håper han ikke blir syk.»

Til opplysning: Journalisten eies og utgis av Norsk Journalistlag.

Powered by Labrador CMS