Våren 2021 blei Osama Shaheen valt ut som mangfaldstrainee i Bergens Tidende.
Våren 2021 blei Osama Shaheen valt ut som mangfaldstrainee i Bergens Tidende.

MEDIEFOLK:

Osama Shaheen er tilsett som journalist i fast stilling i BT

– Med min fleirkulturelle kompetanse håpar eg vi kan nå breiare til fleire grupper i samfunnet.

Publisert Sist oppdatert

Osama Shaheen (32) er tilsett som journalist i fast stilling i Bergens Tidende (BT), skriv mediehuset i ei pressemelding.

– I haust har Bergens Tidende vore på jakt etter ein journalist som kunne løfte avisa i dekninga av det mangfaldige samfunnet rundt oss. Vi er glade det er Osama Shaheen som skal fylle den rolla, seier Liv Skotheim, fungerande sjefredaktør, i pressemelding.

Hausten 2015 kom Shaheen, syriar med palestinsk opphav, syklande over den russiske grensa ved Storskog. Bak seg hadde han ein langvarig flukt frå Syria. Seinare har han studert og arbeidd i Noreg, og mellom anna grunnlagt tidsskriftet DER, som rettar seg mot arabisktalande i Noreg.

Våren 2021 blei Shaheen valt ut som mangfaldstrainee i BT og har i tida etterpå arbeidd i fleire ulike avdelingar i avisa.

– Det har vore veldig lærerikt å jobbe i BT det siste året. Eg gler meg til det vi skal få til saman i åra framover, seier Shaheen i pressemelding.

– Eg flytta til Bergen for fire år sidan, og mitt forhold til byen er framleis veldig intenst. Bergen er ein mangfaldig by, og vi har ein del å gå på når det gjeld dekning av breidda vi har i byen. Med min fleirkulturelle kompetanse håpar eg vi kan nå breiare til fleire grupper i samfunnet.


Powered by Labrador CMS