Debatt på NJs landsmøt: Fra venstre Ingunn Saltbones, Vibeke Fürst Haugen, Tora Bakke Håndlykken, Anders Opdahl og Kjetil H. Dale.

DEBATT:

Generasjon Z krev ei anna mediebransje

Det er ein ukultur i bransjen vår, som ikkje berre sjefane er skuld i.

Publisert Sist oppdatert
Lesetid: 3 min
  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Representantar for journalistar over heile landet kom førre veke med eit kraftig signal til norske mediehus. «Vår dedikasjon til samfunnsoppdraget skal ikkje utnyttast», var tittelen på ein uttale vedteken av landsmøtet til Norsk Journalistlag.

På det same møtet deltok NRKs Vibeke Fürst Haugen, VGs Tora Bakke Håndlykken og Amedias Anders Opdahl i ein debatt om nedbemanning og tidsklemma. Her vart dei mellom anna utfordra på det alle vi i bransjen veit altfor godt; mykje av arbeidet vårt blir gjort gratis på fritida. Svaret var sjølvsagt at ein skal få betalt for det arbeidet ein gjer, men då debattleiar Kjetil H. Dale borra litt i kva dette ville bety i praksis, var svaret unisont: Ja, men samfunnsoppdraget.

Det som er farleg, er at denne lidenskapen, det vi elskar med jobben, også er det som kan gjere oss sjuke.

Dette beviser ein ukultur i bransjen vår, som ikkje berre sjefane er skuld i, men alle vi som trur at det må vere slik. Som trur at akkurat vårt arbeid er så unikt.

Vi som er journalistar er stolte av at vi har ei avgjerande rolle i eit fungerande demokrati. Dette er ein fantastisk motor i arbeidet og eit engasjement ein blir avhengig av.

Det som er farleg, er at denne lidenskapen, det vi elskar med jobben, også er det som kan gjere oss sjuke. Medieprofessor Mark Deuze har forska på dette internasjonalt og slår fast at to tredjedelar av folk i kreative næringar som vår rapporterer om arbeidsrelaterte helseproblem.

På det same landsmøtet deltok også Gard Steiro i ein samtale med Anders Giæver. VG-redaktøren sa at han hadde fått med seg noko av diskusjonane på møtet, men antyda at dette var småting samanlikna med dei pågåande angrepa på pressefridommen i USA. Ei bekymring som NJ deler, i og med at vi vedtok ein uttale til støtte for nettopp våre amerikanske kollegaer.

Men også dette er eit bevis på problemet. For det vil alltid finnast viktigare ting i verda enn å snakke om oss sjølve. Men mangelen på gransking av pressa kan også vere eit demokratisk problem. Vi lever av å kritisere andre og veit at det er utfordringar i bransjen, men så er det liksom litt pinleg å vere navlebeskuande.

Vi lever av å kritisere andre og veit at det er utfordringar i bransjen, men så er det liksom litt pinleg å vere navlebeskuande.

Det har blitt sett i verk hyppige nedbemanningar i mediehusa dei siste åra. Vi leverer meir til fleire plattformer, men blir stadig færre folk. Ny teknologi kan hjelpe oss på veg, men truverdet vårt vil alltid vere avhengig av menneske med overskot og engasjement. Signala er likevel at det vil bli tøffare.

I urolege tider er det viktigare enn nokon gong å verne om redaktørstyrte medium, ytringsfridom og demokrati. Då treng vi å rekruttere dei beste folka til journalistikken og oppdraget vi har.

Då må vi ta innover oss at nye generasjonar stiller nye krav. Dei veks opp i ei tid der økonomien er annleis. Til dømes har bustadprisane nesten nidobla seg sidan eg vart fødd for 32 år sidan.

Eg har høyrt leiarar i mediehusa våre snakke om «generasjon Z» som late og med dårleg arbeidsmoral. «Kvifor seier dei ikkje ja til ei ekstra kveldsvakt i helga?» og «Ho vil ha sommarferie, men har berre vore vikar i to år.» Eg skal innrømme å ha tenkt noko av det same. Samtidig har eg høyrt denne generasjonen stille spørsmål ved kvifor dei skal kaste bort fritid og jobbe seg i hel, når gevinsten er mindre og «toppleiinga stikk av med millionlønn og bonusar».

Eg registrerer at andre bransjar lokkar med betre vilkår. Etter at eg tok sluttpakke i VG, har eg fått smake på dette sjølv. Jobbtilbod med arbeidstid åtte til fire, fravær av 5-vakter, helgevakt og natturnus. «Hæ? Får eg fri til jul OG påske?», heimekontor, fleksitid, trening i arbeidstida, «workcation». For å nemne noko.

Mediebransjen har godt av å tenkje nytt, løfte blikket og møte nye generasjonar med nysgjerrigheit.

Dette står i sterk kontrast til då Dagbladet i ei stillingsannonse søkte «deg som ligg vaken om natta og lurer på korleis du kunne skrudd saka di, slik at du treffer endå fleire lesarar» og «leverer ein kjapp sak, medan du ventar på sitatsjekk».

Då kan det friste å forlate journalistikken til fordel for kommunikasjonsbransjen. Heldigvis har vi funne opp uttrykket «the dark side». For kven vil vel gå dit? Selje sjela si og ikkje ha eit samfunnsoppdrag?

Uansett. Mediebransjen har godt av å tenkje nytt, løfte blikket og møte nye generasjonar med nysgjerrigheit. I fleire land er det vedteke lover som i større grad regulerer balansen mellom arbeid og fritid, retten til å logge av. Det er betre å kome lovverket i forkant.

Det er med andre ord behov for ei kulturendring i norsk mediebransje. Arbeidsgivarane har eit spesielt ansvar, men vi er medskuldige alle saman.

Powered by Labrador CMS