Tidligare NRK-profil Christian Borch får svar frå NRK-språksjef Karoline Riise Kristiansen.

DEBATT:

Påstanden frå Borch fell på si eiga urimelegheit

Bruk av dialekt i NRK er ikkje noko nytt, skriv NRKs språksjef etter Christian Borch-kritikk.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

    Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Som allmennkringkastar har NRK eit viktig språkoppdrag, og dialektbruk er ein del av det. For NRK skal både synleggjere og bruke norsk normert språk og dialektmangfald – i tillegg til dei andre språka vi har eit spesielt ansvar for. Konstruktive innspel i språkdebatten er noko vi i NRK alltid ønsker velkomne.

Ifølgje fleire medium dei siste dagane går Christian Borch i boka si «Bak kulissene. Minner fra et liv i journalistikkens skarpe ende» til åtak på sin gamle arbeidsplass NRK og mellom anna bruken av dialekt i NRK Nyheiter. Spesielt går dette åtaket ut over USA-korrespondent Lars Os og måten han brukar Os-dialekten i formidlinga av utanriksstoff. Vi konstaterer at Borch «ikke har sett norske fjernsynsnyheter overhode siden den dagen han gikk ut av NRK [...] ikke debattprogrammer, ikke aktualitetsprogrammer, ikke så mye som fem sekunder til sammen». Vi undrar oss på same tid over at han likevel har nok innsikt til å komme med eit så sterkt personangrep, men det må nesten stå for Borchs eiga rekning. Påstanden frå Borch fell på si eiga urimelegheit.

I NRK-plakaten kjem det klart fram at vi skal styrkje dei norske og samiske språka, at vi skal spegle heile landet og ikkje minst at vi skal spegle det geografiske mangfaldet i Noreg. Her i landet har vi ikkje berre fleire offisielle språk, vi er også eit dialektrikt land, nettopp grunna geografien vår. NRK skal vere til for nasjonale og språklege minoritetar, vi skal ha innhald med teiknspråk, for vi skal vere for alle i Noreg.

«Lokaldialekter forstyrrer og distraherer den generelle forståelsen av det som blir formidlet; de er som sand på skøytebanen og hindrer fri flyt», skriv Borch.

Likevel: Bruk av dialekt i NRK er ikkje noko nytt. Vi har alltid hatt reglar for språket i NRK, og i dei oppdaterte språkreglane som kom i 2007, kjem det klart fram at offisielt bokmål og nynorsk er standarden for programleiarar og annonsørar i nyheitssendingar og programinformasjon, sjølv om redaktørane kan gjere unntak. I reportasjar, kommentarar og intervju, derimot, kan det brukast dialekt også i riksdekkjande sendingar, og i distriktssendingane skal dialektene sjølvsagt «få godt rom». Og om det likevel skulle vere uklart: Som korrespondent treng Lars Os altså ikkje noko unntak frå regelen, og han gjer ein utmerkt jobb for NRK i USA. Publikumsforståinga trumfar sjølvsagt alt, og dialektbrukarane hos oss arbeider kontinuerleg med språket sitt for at alle skal forstå. I dette arbeidet tar dei utgangspunkt i NRKs retningslinjer for dialektbruk.

Og slik har det vore i NRK sidan 2007, heile åtte år før Christian Borch gjekk ut frå NRK på Marienlyst og, ifølgje han sjølv, aldri såg seg tilbake.

NRK er frå heile landet, av heile landet og til heile landet, og for å kunne vere det, må også dialektene vere med, meiner vi. For NRK er mottakaren det viktigaste, ikkje avsendaren. NRK skal vere for alle.

Powered by Labrador CMS