Lukta av nynorsk

Torgeir Dimmen.
Torgeir Dimmen.

Lukta av nynorsk

KOMMENTAR: Nynorsk luktar ulikt i ulike medium.

Behovet for å halde seg for nasen ser i alle fall ut til å vere avhengig av kanalen. Slik har det vore lenge. For mange er t.d. skriftleg nynorsk verre å akseptere enn munnleg. Mange riksaviser held som kjent hardnakka på den diskriminerande praksisen med nynorskforbod for journalistane sine, medan NRK, TV2, P4 og andre riksdekkande etermedium utan problem har brukt nynorsktalande medarbeidarar i mange tiår.

Forklaringa på denne skilnaden har ikkje noko med forståing å gjere, men med fordommar. Den som forstår kva nyhendeankera Arill Riise og Ingvild Bryn seier, vil også forstå manuskripta deira. For nokre kan det kanskje vere uvant å byrje å lese nynorsk tekst, men for dei aller fleste med norsk som morsmål og normal lesekunne bør det vere rimeleg lett å forsere det hinderet - viss dei vil.

Dette har til og med Aftenposten oppdaga. Dette var lenge ein riksmålsbastion som hardnakka jåla seg med slikt som «sprog» og «sne» og «efter». Å halde på språklege særdrag er som kjent dyrt (det veit elles nynorskfolk mykje om), og i takt med aukande digitalisering og minkande ressursar til intern særkorrektur har dei innretta seg meir og meir etter NTB-normalar og anna standardbokmål. Men framleis er det sjølvsagt berre bokmål å lese i det redaksjonelle stoffet.

Eller?

Tilbake til poenget om ulik lukt i ulike medium: I aftenposten.no er nynorskforbodet uthola. På skjermen er det stadig nynorske artiklar å sjå. Ikkje berre i kronikkar og kommentarar frå eksterne skribentar, men også heilt standard redaksjonelle saker, utstyrt med nynorsk tittel, bilettekst og det heile. Til dømes denne kultursaka frå desember 2012. Eg har også sett nyhendesaker på nynorsk i aftenposten.no om ski-VM, skiskyttarar og fotballspelarar.

Forklaringa er sjølvsagt avtalar om stoffutveksling med andre aviser. Nokre av desse (Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Sunnmørsposten) har nynorskskrivande journalistar, og Aftenposten har valt å ikkje spandere tid og ressursar på å omsetje deira saker til bokmål. Desken lar det stå til, og satsar på at lesarane av nettavisa deira toler det. Det gjer dei nok.

Konklusjonen må bli slik: Skriftleg nynorsk luktar meir enn munnleg, men skrift på skjerm luktar mindre enn skrift på papir. Utviklinga går som kjent frå papir til skjerm både i avishusa og mange andre stader, så her er det vi nynorskingar som er på lag med framtida.

Torgeir Dimmen er leiar av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Kommentaren var opphavleg publisert på lnk.no.

Annonser

Stikkord:

Les også

FØRDE (Journalisten): Med nebb og klør kjemper lille Porten.no i konkurranse med store redaksjoner. I år håper konstitutert redaktør Halvor F. Storvik at økonomien endelig faller på plass.

Reportasje:

SANDNESSJØEN (Journalisten): Helgelands Blad holder til i et hus fra 1920 med eget trykkeri.

STORTINGET (Journalisten:) Partiets nye mediepolitiske talsperson sier han vil legge vekt på å lytte til mediebransjeaktørene.