Dagleg leiar i Kringkastingsringen, Kjartan Helleve (t.h), overrekte blomar og eit trykk av Hanne Borchgrevink til Arve Uglum.

– Om du har ei god forteljing, så treng du ikkje å dra på

Arve Uglum fekk Kringkastingsprisen 2020.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Journalist og redaktør Arve Uglum har i dag fått Kringkastingsprisen 2020. Han får prisen for arbeidet med tv-serien Der som ingen kunne tru at nokon kunne bu, skriv Kringkastingsringen i ei pressemelding.

«Ingenting er meir innlysande enn å gje Kringkastingsprisen til programleiaren for Der som ingen kunne tru. Det er så sjølvsagt at ein eigentleg burde unngå det. Men det er ikkje mogleg. Det ikkje råd å lata innsatsen for å gjera nynorsk og dialekt til det mest naturlege i verda gå upåakta hen», heiter det i grunngjevinga.

Det er Kringkastingsringen som deler ut prisen, og den går til nokon som nyttar nynorsk eller dialekt i radio og fjernsyn.

Prisen er blitt delt ut sidan 1978 og i fjor var det Ronny Brede Aase som fekk heideren.

Utdelinga fann stad i redaksjonen til Sogn Avis, der Uglum no er redaktør.

– Om du har ei god forteljing, så treng du ikkje å dra på, sa Arve Uglum i takketala.

– Det held å bruka forteljinga sine eigne premiss. Du kan vera nedpå og du treng ikkje bruka eit veldig blomstrande språk. Det lærde eg i Firda, tok det med meg i åra i NRK og prøver å leva etter det her i Sogn Avis. Men dette er ikkje berre min metode, eg trur det er ein sognamåte.

Powered by Labrador CMS