NJs landsmøte på Gardermoen denne uka.
Foto: Marte Vike Arnesen
DEBATT:
Eit ungdomsopprør å læra av
Landsmøtet 2025 har gjeve lærdommar for både eldre og unge tillitsvalde.
- Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
Me har
bak oss eit NJ-landsmøte der dei unge medlemmar har sagt tydeleg i frå, at dei
også vil ha eit ord med i laget i leiinga av organisasjonen. Som leiar i både den førre og den nyvalde
valkomiteen, lovar eg at dette er noko me skal ta på stort alvor når neste
runde startar.
I eit
innlegg i Journalisten og Medier24 oppsummerer Eline Østby Stener, Hanna
R. Solligård (begge NJ Student), Trond Odin Myhre Johansen (NJ Trøndelag)
og Lova Vassli Hilanmo (NJ Agder) inntrykk frå landsmøtet og gjentek viktige
poeng.
I
innlegget blir det også referert til ulike utsegn frå talarstolen og hevda at
valkomiteen beskreiv ein snittalder blant kandidatane som «spesielt ungt». Dette er feil.
Valkomiteen
har aldri sagt eller meint at 44 år er ein særleg ung gjennomsnittsalder. Det
er for eksempel same gjennomsnitt som både i 2021 og 2023, då fleire kandidatar
var under 30. Men skal ein ha aldersmangfald, vil nokon dra snittalderen opp.
Det me faktisk
påpeika var at nær halvparten av kandidatane var under 40 år, noko som er
uvanleg. Copy/paste frå mitt eige manus:
«Denne gong er 11 av 23 kandidatar under 40 år. Det trur eg kan vera NJ-rekord.»
Det er
også fullt forståeleg at unge medlemmar på sitt første landsmøte ikkje kjenner
alle skrivne og uskrivne reglar og praksisar i samband med eit NJ-landsmøte.
Likevel er det viktig at valkomiteen får innspel i god tid før vala skal skje.
Både NJ
Student, alle andre NJ-lag og nær 50 klubbar, blei i fjor haust kontakta av
valkomiteen med spørsmål om forslag til kandidatar. Her blei det også orientert
om høve til å koma med fleire kandidatforslag og den formelle fristen, ein
månad før landsmøtet.
Eg trur alle oss som er eldre enn generasjon z no har forstått at det er ein
skilnad på å vera heilt i starten av journalistkarrieren og dei som er meir
etablerte, frå rundt 30 og oppover. Dette er noko heile NJ bør ta inn over seg.
Eg håpar også landsstyret tenker på dette når organisasjonen skal vurderast,
utval setjast saman osv.
Landsmøtet
2025 har gjeve lærdommar for både eldre og unge tillitsvalde. No må me nytta
oss av lærdomen.