Debatt:

«For all del, det finst einskilde gode debattar òg i form av Facebook-kommentarar, men jaggu er det langt mellom dei», skriv Jonn Karl Sætre.

Kva om alle norske medium kutta ut Facebook samstundes?

Sikkert ein ønskedraum, men det hadde vore så stileg!

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

  • Dette er eit debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkt.

Kvifor er det opplese og vedtatt at alle norske medium må dra inn lesarar/sjåarar via Facebook? Er ikkje dette like idiotisk som alle åra med gratis nettaviser rundt tusenårskiftet?

Me gir annonsekonkurrent Facebook gratis innhald, og for ein del Facebook-brukarar er tittel, bilde og nokre setningar meir enn nok til å vita «alt» om ei sak. Slik ser det i alle fall ofte ut på Facebook-kommenterane, og mange av dei som ytrar seg der abonnerer ikkje på aviser.

Me gjer konkurrent Facebook ei stor teneste, og oss sjølve ei bjørneteneste. Det blir attpåtil brukt pengar på å kjøpa «Facebook-boost» for einskilde saker.

«No er det for seint», får eg høyra når eg diskuterer problemstillinga med kollegaer. For «alle» gjer det og det er sååå mange nettavislesarar som kjem inn via Facebook-sida vår.

Men kva om heile medie-Norge kutta ut Facebook samstundes? Sikkert ein ønskedraum, men det hadde vore så stileg! No har dessutan Datatilsynet sitt syn på Facebook aktualisert problemstillinga for alle samfunnsaktørar, og Facebook er endå ein gong i hardt vêr internasjonalt av fleire grunnar.

Hadde me ikkje begynt med denne idiotien, ville folk i større grad gått direkte til nettavisene. Så forvitne er folk, og så viktige er lokale nyhende, trur eg. Eg har ikkje greie på annonsering, men det vil vel neppe vera ei ulempe om lesarane kom direkte til nettavisa, heller enn via Facebook?

Hadde me ikkje begynt med denne idiotien, ville folk i større grad gått direkte til nettavisene.

«Me må skapa debatt», er eit anna argument for å bruka «Facebook». Men kva tilfører eigentleg desse debattane i form av Facebook-kommentarar knytt til journalistisk arbeid. Kva vil me med diskusjonar som oftast er baserte på at nokon har lese ei overskrift, og så gulpar opp noko svada, gjerne i halvfylla? Rasisme og konspirasjonar florerer.

For all del, det finst einskilde gode debattar òg i form av Facebook-kommentarar, men jaggu er det langt mellom dei. For sakene som blir promoterte via Facebook er det – i alle fall for lokalavisene – som regel den same vesle flokken av Facebook-travarar som ytrar seg. Og for å vera ærleg: Nokre av kommentarane kan av og til gjera det ganske pinleg for journalisten som har laga saka. Som regel er nivået slik at det skræmer vekk eventuelle seriøse debattinnleg.

Då er det meir gledeleg å sjå at innsende debattinnlegg får stor merksemd og har høge lesartal i lokalavisa der eg jobbar, så sant innlegga får same omtanke og spissing som vanlege nyhendesaker i nettutgåva vår. Truleg vil ei aktiv rekruttering av debattskribentar vera langt viktigare for lokaldemokratiet og den lokale debatten, enn å tru at Facebook-kommentarar brått skal bli saklege og vesentlege.

Eit siste ankepunkt: Kvifor vil heile medie-Norge vera med på legitimera Facebook? Det er ganske mange tvilsame «saker» og annonsar som renn inn i den såkalla nyhende-straumen til kvar einskild Facebook-brukar. Det har som kjent også versert falske nyhende som har blitt spreidde via Facebook.

Så lenge det også dukkar opp saker både frå riks-, region- og lokalaviser, hjelper me til med å gi Facebook eit skinn av seriøsitet. Det fortener ikkje denne gigantiske penge- og polariseringsmaskina, til det har me sett for mange døme på kva Facebook-påverknad som kan kjøpast for pengar rundt om i verda.

Som journalist synest eg det er pinleg å vera med på denne legitimeringa av Facebook. Og det er eit gigantisk paradoks at me i praksis gir gratis innhald til ein stadig større annonsekonkurrent.

Må me verkeleg halda fram med dette?

Powered by Labrador CMS