Ida Lødemel Tvedt og May Linn Clement er begge tilsett i fast halv stilling i Dag og Tid.

MEDIEFOLK:

Ida Lødemel Tvedt og May Linn Clement til Dag og Tid

–Har lenge mistenkt Dag og Tid for å vere den ideelle arbeidsheimen for meg.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Dag og Tid har tilsett Ida Lødemel Tvedt og May Linn Clement i faste stillingar, skriv avisa i ei pressemelding.

Tvedt dukka første gong opp i spaltene i Dag og Tid i 2019, og har sidan skrive reportasjar for avisa med ujamne mellomrom. No er ho tilsett i fast halv stilling.

– Eg har lenge mistenkt Dag og Tid for å vere den ideelle arbeidsheimen for meg, og eg har store planar for korleis eg skal nytte meg av takhøgda som finst i redaksjonen, seier Tvedt.

– Ida skriv godt, og ho har ei eiga tilnærming til mange saker, som både kan provosere og gje ny innsikt. Det skader heller ikkje at bestemora budde i Aasentunet, seier ansvarleg redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker.

Tvedt har gjeve ut essaysamlinga «Marianegropen» (2019), som er omsett til dansk, tysk og nederlandsk, og fekk i 2021 Arne Hestenes’ journalistpris.

May Linn Clement har teikna og skrive artiklar i Dag og Tid i ei årrekkje. No har også ho takka ja til ei fast halv stilling.

– Eg har vore knytt til avisa lenge og veit at det er ein god stad å vere. Eg er takksam for at slumpetreff i livet har leidd meg til Dag og Tid, seier Clement.

Ho har bachelorgrad i fjernsyns- og multimedieproduksjon frå Universitetet i Stavanger og har tidlegare vore lokalavisjournalist. Nyleg tok ho steget opp på standupscena som komikar.

– May Linn kan både teikne og skrive. I tillegg er ho morosam. Kva meir kan ein be om? Ho drøymde om å vere fri, utan fast tilknyting, men no har vi klart å binde henne fast til masta i Dag og Tid, seier ansvarleg redaktør Gjerdåker.

Clement vil halde fram med å arbeide frå heimstaden i Austevoll.

Powered by Labrador CMS