FORSVARER: Harvad-professoren Alan Dershowitz forsvarte Patti Hearst, O. J. Simpson og Klaus von Bulow, men det er kom folkerettsekspert han besøkte Oslo og talte Israels sak. Foto: Helge Øgrim

– USA har ikkje ei sak mot Assange

Wi­ki­leaks og Ju­li­an Assange har fått USAs frem­ste ytringsfridomsfundamentalist på si side.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

– Eg kjen­ner meg nok­så trygg på at korkje Stor­bri­tan­nia el­ler Sve­ri­ge kjem til å utlevera Ju­li­an Assange. Dei ame­ri­kan­ske sty­res­mak­te­ne har ikkje noko grunn­lag for å få Assange ut­le­vert, sei­er Alan Dershowitz.

Han er no er utnemnd til Assanges for­svars­ad­vo­kat i USA, der­som det vert ut­le­ve­ring og sak.

Kven er så den­ne Dershowitz? Her er korleis han små­lå­tent pre­sen­te­rer seg sjølv: – Eg li­ker ikkje å skryta, men eg er truleg USAs mest kjende for­svars­ad­vo­kat, eg er òg den mest kjende pro­fes­so­ren ved Har­vard, og Har­vard er det mest kjende uni­ver­si­te­tet i verda.

Hard­por­no og von Bülow

I USA går han mel­lom anna un­der kallenamnet «The first amendment mac­hine»,  som laust om­sett ty­der noko slikt som «ytringsfridomslokomotivet».

Dei av lesarane som set pris på hard­por­no, kan el­les senda Dershowitz ein venleg tan­ke nes­te gong de går inn på ei ame­ri­kansk nett­si­de: Gjen­nom sitt for­svar av Har­ry Reems, som spela i Deep Throat, fekk Dershowitz le­ga­li­sert «kjønns­or­gan i rørs­le» i 1976.

Dershowitz hevda and­sy­nes Den ame­ri­kan­ske høgsteretten at det var eit brot med Reems grunn­lovs­vern å straffa han for å medverka i ein por­no­film. Høgsteretten sa seg samd. Dershowitz har el­les fått frikjend den tiltala i tret­ten av fem­ten draps­sa­ker han har teke. Dei som har sett fil­men om Claus von Bülow, hugsar truleg for­svars­ad­vo­ka­ten. Det var Dershowitz, som vart utnemnde til pro­fes­sor ved Har­vard 28 år ga­mal, den yng­ste i historia.

– Kva gjor­de deg så oppteken av ytringsfridom og det fyrs­te grunnlovstillegget (som vernar ytringsfridomen i USA red. merk.)?

– Eg har ber­re all­tid vore oppteken av det­te. Ei av dei fyrs­te sa­ke­ne eg tok som ung mann, var for fil­men Ny­fi­ken gul, som vart sen­su­rert i USA. Eg før­de den saka for høgsteretten då eg var 29. Så tok eg Hair, som også var bann­lyst i USA. Eg har vidare vore in­vol­vert i saka om The Pen­ta­gon Pa­pers og vore forsvarar for Pent­house.  Eg trur vi trygt kan seia at eg har vore in­vol­vert i så godt som alle dei sto­re ame­ri­kan­ske sa­ke­ne om ytringsfridom. Eg plar vin­na. Eg er ein absolutist når deg gjeld ytringsfridom. Foreldra mine var ikkje nett luk­ke­le­ge då eg forsvara nynazistar og deira rett til å marsjera.

Grunnlovstillegget gjeld alle

Den mest vid­gjet­ne ytringsfridomssaka i USA i før­re hund­re­år var truleg The Pen­ta­gon Pa­pers, som var ein man­ge tu­sen si­der lang gjen­nom­gang av USAs in­vol­ve­ring i Viet­nam. Sty­res­mak­te­ne gav des­se papira «Top sec­ret»-gra­de­ring, men i 1971, via forsvarsanalytikaren Da­ni­el Ells­berg, kun­ne New York Times presentera hovudfunna over framsida. NY­Ti­mes fekk straks rettsleg forbod mot det­te, men då byrja ei rekkje and­re avi­ser å publisera. Høgsteretten kon­klu­der­te med at avi­se­ne had­de rett til å publisera frå papira, og Ells­berg gjekk og fri.

– Eg takka ja til å representera Assange av di eg mei­ner at Wi­ki­leaks er det vår tids Pen­ta­gon Pa­pers. Det­te er ber­re det sis­te av man­ge åtak på jour­na­li­stikk på internett, på so­sia­le me­di­um og på bloggar. Eg skal gjera det heilt klårt for alle at det fyrs­te grunnlovstillegget gjeld for alle typar tek­no­lo­gi. Ein treng ikkje tøn­ner med blekk for å ha ytringsfridom.

Dershowitz strekar un­der at det fyrs­te grunnlovstillegget kom i 1791, i ei tid då det knapt ek­si­ster­te avi­ser.

– Det kom av di folk som stod på ga­te­hjør­ne og ar­gu­men­ter­te og del­te ut fly­ge­blad, skul­le verta ver­na frå over­grep. Det ano­ny­me fly­ge­bla­det har mykje av den same funk­sjo­nen som internett har i dag. På internett kan du lesa at eg har dre­pe kona mi, hatt sex med små born, er ein del av den jø­dis­ke verdskonspirasjonen. Eg li­ker ikkje det­te, men eg le­ver med det, og eg forsvarar ret­ten til å koma med des­se påstandane.

Manning

I mai i fjor vart den ame­ri­kan­ske sol­da­ten Brad­ley Manning ar­res­tert i Irak. Han had­de lasta ned des­se papira som Wi­ki­leaks seinare har pub­li­sert. Truleg er Manning kjelda til Assange, men Manning har så langt nekta for at Assange el­ler Wi­ki­leaks bad han om å stela des­se papira.

Dershowitz er Obamas tidlegare lærar og reknar seg som ein ven med pre­si­den­ten.

– Men no går alt­så dei ame­ri­kan­ske sty­res­mak­te­ne et­ter Manning og trugar han med alt mogleg. Var det slik du for­ven­ta at Oba­ma skul­le fara fram?

– Oba­ma er lur nok til ikkje å gå et­ter Manning el­ler for den del Assange på eit reint yt­rings­grunn­lag. Jus­tis­de­par­te­men­tet kjem til å gjera det­te til ei sak om tju­ve­ri. Dei kjem til å hevda at det­te er ein kon­spi­ra­sjon mel­lom Manning og Wi­ki­leaks. Eg trur ikkje dei får til det­te. Av den enk­le grunn det ikkje er sant. Men maktar dei å tvin­ga Manning til å skriva un­der ei falsk for­kla­ring, får eg høve til å forhøyra han i retts­sa­len. Då fell nok saka sam­an i alle høve.

Powered by Labrador CMS