Ansvarleg redaktør og dagleg leiar Jan Inge Fardal i NPK, sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB og NPKs styreleiar Tom Hetland.

NTB og Nynorsk pressekontor med ny samarbeidsavtale 

Saman skal dei løfte fram nynorsken gjennom språkteknologi.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Nynorsk pressekontor (NPK) og NTB har signert ein ny samarbeidsavtale for dei neste fem åra, skriv dei to i ei pressemelding.

– Dette er vinn-vinn – for NPK, for NTB og for nynorsken. Utan det tette, svært innovative og konstruktive samarbeidet dei siste åra hadde vi aldri vore der vi er i dag, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i NPK, Jan Inge Fardal, i pressemeldinga.

NPK har eksistert sidan 1969 og er i dag drive av ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Sidan 2007 har NPK hatt ein samarbeidsavtale med NTB om å drifte redaksjonen i NPK.

– Avtalen representerer ei vidareføring av det gode og tillitsfulle samarbeidet NPK og NTB har hatt gjennom mange år. For NPK er det nyttig og inspirerande å vere del av eit større redaksjonelt miljø, seier NPK-styreleiar Tom Hetland.

Avtalen betyr også at NTB og NPK vil fortsetje samarbeidet om Nynorskroboten.

– Med teknologien vi no tilbyr i Nynorskroboten, kan du omsetje ein tekst frå bokmål til nynorsk på sekundet. Som verktøy er dette heilt rått. Det er inga unnskyldning for å ikkje lage ei sak også på nynorsk lenger, seier sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Tina Mari Flem

Saman med NPK løftar no NTB denne satsinga også innomhus, slik at norske medium enklare skal kunne velje nynorsk i framtida, skriv NPK og NTB i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS