Skjønar ikkje spørsmålet

INGVILD BRYN (NRK): Eg var direkte-reporter under VM i skiskyting i Lahti i 1991. Mi rolle var å  intervjua aktuelle aktørar før, under og etter løpa.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Un­der ein av distansane fylgde eg tett fy­sio­te­ra­peut Au­dun Gars­hol – som var se­kun­dant. Eg var med han ute i  løy­pa der han rop­te til dei nor­ske løparane korleis dei låg an. Eg fanga opp in­ten­si­te­ten på di­rek­ten.

Ei­rik Kval­foss tok bron­se­me­dal­jen med svært li­ten mar­gin, så eg meinte det var på sin plass å intervjua Gars­hol også et­ter lø­pet var fer­dig. Eg fann han i vrim­me­len i mål­om­rå­det og kommentatorane i bok­sen set­te over til sin live-re­por­ter.

– Ja, Au­dun Gars­hol, vil du som se­kun­dant ha litt av æra for at Ei­rik Kval­foss tok bron­sen med eit nød­skrik, spur­te eg.

– I don’t un­der­stand, svara Gars­hol. På di­rek­ten.

– Vil du som se­kun­dant ha litt av æra for at Kval­foss tok bron­sen med eit nød­skrik, gjen­tok eg.

– I don’t un­der­stand, svara Gars­hol igjen og såg rart på meg.

– Har Gars­hol be­gynt å snak­ke eng­elsk, spur­te kommentatorane frå bok­sen. Dei forstod like lite som eg.

Eg såg ned på akreditteringskiltet som hang på brys­tet til «Gars­hol» og såg at den eg snakka med var den ca­na­dis­ke landslagstrenaren.  Som likna svært på  Au­dun Gars­hol. Eg fekk ei skikkeleg lat­ter­by­ge og slo av sendaren. Så fekk hel­ler lyttarane tru det var tek­nis­ke pro­blem som gjor­de at kommentatorane ikkje fekk kon­takt med meg.

Eg vart erta for det­te i den nor­ske lei­ren res­ten av meisterskapen. Då eg møt­te Au­dun Gars­hol att for eit par år si­dan sa det seg sjølv kva me snakka om.

Powered by Labrador CMS