Siri Lill Mannes gjorde ansiktsgymnastikk på direkten. Tegning: Lars Lauvik
Grimasar i ruta
SIRI LILL MANNES (tidligere TV 2): Min største tabbe kom kort tid etter at eg overtok som anker for hovedsendingane til TV 2 Nyhetene. Nå var det flaggskipet, 21-sendinga, det handla om.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Me pleide alltid prøvekøyre headlines ein gong før sending, for å sjekke at bilde og tekst stemde overeins. Etter prøven blei eg sitjande og varme opp med ansiktsgymnastikk, slik me hadde lært, mens eg venta på at me skulle starte sendinga.
Problemet var at akkurat denne gongen var det ikkje tid til å teste headlines pga eit anna teknisk problem. Det hadde eg ikkje fått med meg, fordi batteriet i øyrepluggen min var dødt. Resultatet var at dei underlege grimasene mine gjekk rett ut til det norske folk. Den tause, men svært visuelle seansen varte kanskje i 15-20 lange sekund.
Eg ante ingenting før produsenten brått brølte inn i studio: «Siri, du er PÅ!!!» Det kjentest som Mike Tyson hadde slått meg i magen. Eit frykteleg sekund eller to lurte eg på om eg skulle beklage. Den første saka i sendinga var imidlertid veldig trist, og eg valde å berre gå rett videre til den. Pussig nok gjekk resten av sendinga fint og utan fleire feilskjær.
Då eg kom ut etter sending var det heilt stille i redaksjonen, alle stirra stumt og alvorleg ned i skjermane sine. Ingen sa eit knyst før eg spruta ut i latter – og då eksploderte det for dei andre også. Til slutt låg folk og rulla rundt på golvet og lo. Den natta klarte eg knapt å sove. Eg har vel sjeldan ledd så mykje på eit døgn. Episoden gav oss oppsving i rating den kvelden, blei kåra til årets tv-tabbe i VG, og gav forhåpentleg mange menneske ei minnerik og morsom oppleving. TV2 har også brukt den masse etterpå i lystige samanhengar.