Nynorsk-pris til Eivind Molde

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio
NRK-journalist Eivind Molde.

Kringkastingsprisen vart i dag delt ut til Eivind Molde, mangeårig nyheitsjournalist i NRK.

Kringkastingsprisen blir delt ut av Kringkastingsringen kvart år. 

«Prisvinnaren har gjort ein særs verdfull innsats for god journalistikk på nynorsk – utan å stikke seg fram. For han er det sjølve journalistikken og formidlinga av bodskapen som er viktig. Han er kjend for eit kortfatta og enkelt språk og er ein av få journalistar som legg vekt på å bruke nynorsk normaltalemål», skriv Kringkastingsringen.

Styret i Kringkastingsringen er jury for prisen, og prisen har vore delt ut sidan 1978. Prisvinnaren får eit diplom og eit kunstverk, i år laga av biletkunstnaren Erlend Wiggen Bliksrud.

Powered by Labrador CMS