Lønskamp, likskap og Einar Lunde

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Journalistløna i NRK er til og med dårlegare enn i norske bygdeblad. Den såkalla NRK-kjendisen Einar Lunde slengde ut påstanden til ein konkurrerande fjernynskanal på første streikedag. Høyrde vi ein undertone av forakt og arroganse?

Eg veit ikkje kva Lunde tener eller kor mykje han jobbar, bortsett frå at han med jevne mellomrom les nyhende på Dagsrevyen. Nesten utan unntak saker eg har høyrt eller lese om tidlegare på dagen eller i veka. Eg les også ein del av dei avisene Lunde kallar «bygdeblad». For øvrig eit dårleg namn etter at alle større vegkryss i landet vårt har søkt om, og fått, bystatus. Her finn eg faktisk ein del nyhende. Det veit eg at også NRK gjer. Saker frå desse avisene blir ofte brukte som grunnlag for NRK sine eigne oppslag og reportasjar. Alle er ikkje klar over dette, for det kan vere så som så med sitatplikt og kreditering. Det er kanskje ikkje så farleg med «bygdeblad»?

I Norge er mange lokalaviser blitt ein økonomisk suksess. Dei er små gullgruver for eigarane, og difor er mange av dei blitt oppkjøpt av store aviskonsern. Dei bygdeblada Einar Lunde vil parkere nederst på lønstigen har greid å kombinere brukbar journalistikk med gode inntekter og lønsevne. Og det skulle berre mangle. For her vert det jobbe steinhardt. Journalisten i lokalavisa kan du møte på jobb kvar helg. Det gjer du ikkje med Einar Lunde på Dagsrevyen. Difor ligg nokre få av desse avisene framfor NRK sin 43. plass på lønstatistikken. Dei fleste ligg likevel bak – langt bak.

Og om det kan vere til trøyst i lønskampen på Marienlyst: slik vil det også bli. I skrivande stund streikar NRKJ vidare. Dei sa nei til eit tilbod på godt over det doble av det NJ godtok over bordet på vegne av oss i avisene, og vi får ikkje ein gong sjansen til å godkjenne resultatet av vår eigen lønskamp med ei uravrøysting.

I dag går vi på jobb, mellom anna også for å betale kontigenten vår til NJ slik at streiken i NRK kan førast vidare med eit resultat som vonleg også vil gje Einar Lunde den løna han sjøl meiner han fortener.

Vi som må føre lønskamp utan kjendisstaus er lydige og greie slik. Men Lunde si forakt mot «bygdeblada» og forsøket på å lage ei lønsbasert, økonomisk rangordning mellom journalistar i små og store redaksjonar kunne vi godt klart oss utan.

Powered by Labrador CMS