Ikke mer åpenhet

(LESERKOMMENTAR): Lokaljournalister søker sjelden dokumentinnsyn. Men en hovedstadskollega har søkt innsyn i fem dokumenter om dagen.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Det har ikkje vorte meir openheit i særleg grad etter innføringa av den nye offentleglova som trådde i kraft 1. januar 2009. Derimot har det vorte auka bevisstheit rundt spørsmål knytte til innsyn i dokument.

Det kjem fram i mi bacheloroppgåve som ser på dei fyrste erfaringane til aktørar som dagleg jobbar med spørsmål knytte til loven. Svara frå utvalet mitt blant journalistar, byråkratar og medieekspertar kan ikkje generaliserast, men dei kan gje ein indikasjon på dei fyrste erfaringane etter innføringa av den nye lova.

”Den nye offentleglova styrkjer retten til innsyn i offentleg verksemd i vesentleg grad i høve til dagens lov” sa justisminister Knut Storberget etter at regjeringa i statsråd vart einige om forskrifta til den nye loven 17.oktober 2008.

Ingen forskjell

Fem av sju journalistar svarar nei på spørsmålet om dei har merka nokon forskjell på før og etter at loven trådde i kraft. Ingen svarer ja. Det er eit overraskande svar. Det kan bety at kunnskapen hjå journalistane ikkje er gode nok. Samtidig kan det vere eit utslag over at endringane i den nye lova ikkje er så store eller at det fortsatt er for lett å finne unntak for å unndra dokument.

Journalist Stein Sneve i Avisa Nordland, meiner at det fortsatt er for personavhengig om dokumenta er opne eller ikkje. Journalist Einar Odden i Gudbrandsdølen Dagningen, har ikkje merka den store forskjellen, men fortel at han presser byråkratane meir nå sidan det har kome ein ny lov.

Av 1080 søknader har journalistane i undersøkinga fått 271 avslag når dei har bedd om innsyn. Dei mest brukte paragrafane er § 13, 14 og 15 – som omtalar private opplysningar og interne dokument.

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforeining, skriv i boka Innsyn at paragraf 13 tolkast særs vidt og at unntaka er langt større enn forutsatt. Eit av hovudpunkta med den nye loven er at det er mykje meir fokus på prinsippet om meiroffentlegheit – det betyr at unntaka er meir knytte opp mot opplysningar og ikkje heile dokument. Derfor bør dokumenta utleverast så lenge oppysningene som blir sladda ikkje gje eit misvisande bilete av saka.

Fem om dagen

Det er eit overraskande stort skilje mellom lokalaviser og riksaviser om kor mykje journalistane har søkt om innsyn. I mi undersøking har Aftenpostens journalist, Per Anders Johansen, søkt om innsyn i 600 - 700 dokument etter innføringa av den nye loven. Det vil seie rundt fem om dagen.

Det er i stor kontrast til lokalavisjournalistane som knapt søkjer om innsyn. Ei forklaring kan vere at lokaljournalistar skal rekkje over mest mogleg og dermed kjem i ei tidsklemme. Dette kan bli realiteten i større redaksjonar etter kvart som dei økonomiske ramane blir mindre. Kutt i redaksjonen kan slå uheldig ut. Færre journalistar skal produsere like mykje stoff som før og vil truleg få mindre tid til gravande journalistikk.

Redaksjonsleiinga må tenkje nøye igjennom om kor det skal kuttast, for med den nye offentleglova har journalistane fått ein gylden moglegheit til å befeste og styrkje sin posisjon som vaktbikkje. Aldri har vindebroen vore så langt nede og moglegheitene for å kome inn i festninga større.

Powered by Labrador CMS