– Eg er kjempestolt. Det er verkeleg stort for meg, seier Øystein Furevik.

Nynorsk

Gamer.no-journalist får nynorskpris

Speljournalist Øystein Furevik får nynorskprisen for journalistar 2023.

Publisert Sist oppdatert

Øystein Furevik i Gamer.no er årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.

– Dette er ei anerkjenning eg blir heilt rørt av. Eg er kjempestolt. Det er verkeleg stort for meg, seier prisvinnaren i ei pressemelding..

– Eg skjønte det ikkje heilt først. Det var litt sånn «hæ?!?». Så det var dagens sjokk, kan du seie. Og det har nok ikkje sokke heilt inn enno, seier Furevik.

«I over 20 år har Furevik standhaftig drive journalistisk nybrotsarbeid på eit område der det er lite norsk og minimalt med nynorsk. Det at Furevik er godt synleg i det viktigaste norskspråklege organet for ein stor og viktig kulturarena, er umåteleg verdifullt for nynorsken», skriv juryen.

«Globalt har spelindustrien ei enorm omsetjing. Han har for lengst vakse seg ut av guteromma og appellerer no til alle aldrar. Likevel er den offentlege merksemda liten, og det er magert med grundig journalistikk på feltet. Gamer.no er ei sjeldan svale i norsk samanheng», heiter det vidare i grunngjevinga.

Furevik takkar arbeidsgjevaren for at han fekk støtte til å skrive nynorsk frå starten av. For det hadde han ikkje håp om då han skreiv jobbsøknaden for over 20 år sidan.

– Eg fekk beskjed om at eg kunne skrive nynorsk. Så eg har mykje å takke både gamer.no og dåverande redaksjonssjef Tor-Steinar Tangedal for.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media.

Årets pris blir delt ut under dei nynorske festspela i Ørsta fredag 9. juni.

Tidlegare prisvinnarar:

2022 – Roger Sevrin Bruland, NRK

2021 – Siri Kleiven Strøm og Arill Riise, TV 2

2020 – Eivind Molde, NRK

2019 – Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2018 – Harald Thingnes, NRK

2017 – Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen

2016 – Jon Hustad, Dag og Tid

2015 – Jan Zahl, Stavanger Aftenblad

2014 – Ingunn Solheim, NRK

2013 – Christian Wiik Gjerde, NRK

2012 – Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende

2011 – Njord V. Svendsen, Bergens Tidende

2010 – Astrid Brekken, NRK

2009 – Ronny Brede Aase, NRK

2008 – Odd Reidar Solem, TV 2

2007 – Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen

2006 – Linda Eide, NRK

Juryen har bestått av: Solveig Barstad (leiar), programleiar og journalist i TV 2, Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende og Øystein A. Vangsnes, professor ved UiT Noregs arktiske universitetet og Høgskulen på Vestlandet.

Powered by Labrador CMS