Guri Kulås og Jens Kihl får nynorskpris fra Kulturdepartementet
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar går i år til Guri Kulås og Jens Kihl i Klassekampen. Dei deler prisen på 50.000 kroner, heter det i en pressemelding fra departementet.
- Vi lyt få takke Bjørgulv Braanen. Vi er så heldige å ha ein redaktør som ser på nynorsken som eit naturleg nyheitsspråk. Vi har heile vegen stått fritt i val av målform og jamvel blitt oppmuntra til å bruke nynorsk i det daglege arbeidet vårt. Den fridomen set eg stor pris på, seier Guri Kulås.
Om Guri Kulås seier juryen at ho kombinerer eit høgt språkleg nivå med eit høgt fagleg nivå. Ho skriv ledig og oppfinnsamt, og samstundes klart og presist. - Fagleg deler ho vurderingane sine av estetiske sider ved filmane på ein måte som gir lesaren innsikt i dette kunstuttrykket, og ho gjer det tilgjengeleg og forståeleg for eit filmfagleg uskulert publikum. Som filmjournalist i ei riksdekkande avis bidrar Kulås til å gjere nynorsken til ein naturleg og integrert del av eit breitt og populærkulturelt uttrykk. Kombinasjonen av stringent språk, lyttande haldning til kunstverkets under- og overtonar, og ei evne til å ta aktuelle samfunnsspørsmål på kornet, gjer det til ei glede for denne juryen å gi prisen til Kulås.
- Jens Kihl skriv leikent og underhaldande, har blikk for detaljar, og teft for gode saker. Fleire av sakene hans har sett politisk dagsorden, og har levd vidare i andre media og i Stortinget, skriv juryen. Dei meiner at Jens Kihl føyer seg inn i den særeigne nynorske journalisttradisjonen som kombinerer lett med tungt, humor med alvor. På sitt beste er Kihl ein gullpenn med stort overskot. - Det siste året har Klassekampen drive folkeopplysing om kommune- og regionreforma, og Jens Kihl har stått heilt sentralt i det arbeidet. At han har greidd kunsten å gjere desse reformene til interessant og underhaldande lesnad er i seg sjølv god nok grunn til at han fortener denne prisen, skriv juryen.
Dette er den siste tildelinga frå noverande jury for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Der er kommunikasjonssjef Håkon Haugsbø leiar, og han har med seg forfattar/journalist Agnes Ravatn og redaktør Svend Arne Vee.