Katrine Silseth Naas er journalist i Åndalsnes Avis 2022

MEDIEFOLK

Katrine Silseth Naas er valt til ny lokallagsleiar i NJ Møre og Romsdal

Fleire nye styremedlemmer er valt inn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

– Eg har vore klubbleiar sidan eg starta som journalist, og hatt ulike verv i fleire styre. Men, dette blir mi første rolle som styreleiar. Eg er spent på kva som ventar, men veit at eg kjem til å ha eit veldig godt og bra styre i ryggen, seier Katrine Silseth Naas i en pressemelding.

Ho tek over etter avtroppande lokallagsleiar, Vikebladet Vestposten-journalist Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Han har hatt vervet i Norsk Journalistlag Møre og Romsdal sidan 2017.

– Vi har mange dyktige journalistar i fylket vårt, og det har vore ei ære å leie lokallagsstyret i fleire år. No er det nye krefter som kjem inn, noko eg trur vil vere veldig bra for den vidare utviklinga av lokallaget, seier Karlsen Høgstavoll.

Valet fann stad under årsmøtet til NJMR på Flesland fredag 4. november.

Lokallaget har også fått ny økonomiansvarleg, Even Ørjasæter, journalist i Nyss. Han tek over etter Anne-Mari Tomasgard, journalist i Sunnmørsposten.

Nye styremedlemmer

Lisa Botterli Flostrand fra Tidens Krav og Inger Johanne Ruset fra Sunnmørsposten blei elles valt inn som nye styremedlemmer. Dei erstattar Josefine Spiro fra Havila Kystruten og Morten Feirud fra Drammens Tidende.

Desse frå det nye styret var på plass under årsmøtet på Clarion Hotel Bergen Airport. Frå venstre ser ein Inger Johanne Ruset, Even Ørjasæter, Marius André Jenssen Stenberg, Lisa Botterli Flostrand, Ingrid Stokke og Roar Strøm.

Marius André Jenssen Stenberg fra NRK Møre og Romsdal blei valt inn i styret under årsmøtet i 2021, og var dermed ikkje på val i år.

Studentane ved Høgskulen i Volda møter med ein fast vararepresentant, som i år er Ingrid Stokke.

På varaplass elles er Sigun Lossius Meisingset fra Romsdals Budstikke, Geir Forbregd fra Driva, Roar Strøm fra NRK Møre og Romsdal og Anita Vingen fra Romsdals Budstikke valt.

Til opplysning: Journalisten eies og utgis av Norsk Journalistlag (NJ).

Powered by Labrador CMS