Ny redaktør i Nordre: Linda Bakken.

Linda Bakken er konstituert som ansvarleg redaktør i Nordre

Tilbake i journalistikken.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Linda Bakken (46) tek over som redaktør i Nordre frå 29. november, skriv lokalavisa i ei pressemelding.

Bakken tek over etter Hilde Beate Ellingsæter, som byrjar i ei prosjektleiarstilling for Sunnmøre Friluftsråd 1. desember.

Den nye redaktøren starta si journalistiske karriere i Aura Avis, der ho var frilanser og deretter eineansvarleg for lokalkontoret på Tingvoll. Etter eitt år som allround journalist i Lofotposten, utdanna ho seg som flygeleiar på kortbanenettet. Ho jobba mange år i luftfarten, men er no tilbake i journalistikken for fullt,

Etter å ha jobba frilans i nokre år, byrja Bakke i ei deltidsstilling i Nordre i slutten av oktober.

– Vi er veldig glad for å få Linda Bakken med på laget og ønsker ho hjarteleg velkomen til Nordre, seier dagleg leiar Åshild Fjørtoft.

Powered by Labrador CMS