Debatt:

Tsjetsjenia sin eineveldige president Ramzan Kadyrov.

«Snakkar du i Norge drep me familien din»

Tsjetsjenarane i Norge lever i konstant frykt.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Det bur over 10.000 frå eit av verdas mest brutale diktatur her i landet. Det er ein grunn til at du nesten aldri høyrer nokon av dei kritisere regimet i heimlandet. Nyleg fekk ein dissident i Sverige denne beskjeden: Vi har kidnappa kusina di og vil voldta ho om du ikkje sluttar med kritikken.

I 2016 var Sveriges Radio-journalisten Maria Persson Löfgren 59 år gamal. Vi sat saman i ein minibuss på reportasjereise i det totalitære diktaturet. Me blir slengt mot seta framfor oss medan det kvin i gummi mot asfalt.

Etter bråstoppen blir me omringa av maskerte menn med køller og knivar som slår seg inn igjennom alle vindauga. Angriparane skrik at no skal vi døy, fordi me er journalistar som kritiserer leiaren deira. Mennene slår laus på den snart 60 år gamle journalist-kollegaen min.

Dei muskuløse angriparane dreg ho etter håret ut igjennom det knuste bussvindauget, medan dei denger laus på ho med stokkar. Eit taggete glasbrot som stikk opp frå vinduskarmen forsvinn djupt inn i låret hennar, medan ho blir dratt skrikande ut.

Glastaggane i karmen er farga røde. Me har akkurat møtt folka til Tsjetsjenia sin eineveldige president Ramzan Kadyrov.

Sender agentar til Norge

Den Putin-støtta diktatoren er blant anna skulda for å ha stått bak drapet på ein journalist frå den fredsprisvinnande avisa Novaja Gazeta.

No har det kome ei bølgje med kidnappingar av familiemedlemmane til regimekritikarar. Ifølgje den russiske uavhengige og norsk-støtta avisa Caucasian Knot erkjenner Kadyrov at kidnappingane har skjedd. Samtidig som han åtvarar mot blodfeide om nokon fornærmar æra til hans familie eller støttespelarane.

Under ei pressekonferanse på den tsjetsjenske statlege TV-kanalen avviste Kadyrov at det var han direkte som beordra kidnappa. Men, at det kanskje var nokon av hans støttespelarar i myndigheitsapparatet som hadde opplevd seg fornærma og står bak.

Det er dette regimet fleire tusen som bur i Norge har flykta frå. Tsjetsjenarane i Norge lever i konstant frykt. Dei kan når som helst bli dei neste. Fleire regimekritikarar i eksil har blitt skotne på open gate, blant anna i Frankrike, Berlin og Wien. Mange opposisjonelle i Norge har blitt drapstrua og fått russiske agentar etter seg her, fortalde PST i 2016.

No går Kadyrov sine støttespelarar etter familiane. Det har skjedd med den regimekritiske bloggaren Tumso Abdorachman i Sverige. I februar 2020 overlevde han blodig og forslått eit drapsforsøk med hammar. SVT og fleire etterretningskjelder melder at leigemordaren var sendt ut av tsjetsjenske og russiske myndigheiter. Russiske myndigheiter på si side avviser at dei har noko med saka å gjere.

Kidnappingsbølge

Ramzan Kadyrov vant haustens presidentval med 99,7 prosent. Han blei gratulert av Vladimir Putin, som har sett han inn. For med heilt frie tøyler for knuse alle forsøk på tsjetsjensk sjølvstende frå Russland.

I fjor hamna Kadyrov på USA si svarteliste for sanksjonar mot folk som er skuldige i grove menneskerettsbrot. Akkurat no sit kusina, mora og andre familiemedlemmar til bloggaren med base i Sverige, i ein av Kadyrov sin berykta tortur-kjellarar. Han har fått meldinger frå Kadyrov sine folk at om han ikkje sluttar med kritikken av menneskerettsbrota til Kadyrov, vil han snart få bilder. Av hans «døyande eller muligens døde familiemedlemmer».

I ei anna melding står det at dei kjem til å ha det «gøy» med kusina hans, om han ikkje offentleg beklagar Kadyrov-kritikken. Dette melder både SVT og BBC.

I desember har det totalitære Kadyrov-regimet arrestert eller kidnappa rundt 40 familiemedlemmar til seks opposisjonelle i eksil, ifølgje blant andre BBC. Ein av dei er Minkail Malizaev som bur i Berlin, skriv Caucasian Knot. Han har også fortalt til tsjetsjenske opposisjonelle i Norge at han har fått ein SMS med bilder frå ein av Kadyrov sine torturkjellarar i Tsjetsjenia. Det var bilde av kona og svigermora hans, kledd nakne. Med trusslar om at om han ikkje sluttar med anti Kadyrov-blogging, vil kona og svigermor bli valdtekne og drepne.

«Tenk på borna dine»

Det bur mellom 12-16.000 tsjetsjenarar i Norge. Her har ytringsfridom svært gode kår og Norge blei kåra til det friaste landet i verda for journalistar i år. Paradokset er at det er fleire tusen her som blir fråtekne sine grunnleggande demokratiske rettar.

Ein tsjetsjenar eg intervjua i samband med ein dokumentar sa det rett ut: «Snakkar eg i Norge, drep dei familien min i Tsjetsjenia». Etter eg overlevde angrepet i 2016 og kom heim, blei eg oppring av ein tsjetsjenar i Norge. Beskjeden eg fekk var: «Slutt å skrive artiklar om Tsjetsjenia no. Tenk på konsekvensane. Tenk på borna dine. Kos deg saman med borna dine no, og slutt med denne skrivinga».

Trusselen låg dårleg skjult mellom linjene.

Demonstrasjon i Oslo

Førstkomande torsdag er det varsla at fleire opposisjonelle tsjetsjenarar vil trasse trugslane. Dei skal samle seg framfor Stortinget og protestere mot bølga av kidnapping og tortur av familiemedlemmar til eksil-tsjetsjenarar.

Konsekvensane av deira protest avheng truleg av om dei får merksemd og støtte. Jo meir norske medier skriv og myndigheitene våre fordømmer, desto vanskelegare blir det for regimet i Moskva og Grozny å fortsette med menneskerettsbrota. Når mange nok finn saman, er ikkje frykt lenger eit våpen.

Det bur folk i Norge som opent seier dei støttar Ramzan Kadyrov. Nokon av dei jobbar for han. Om ikkje norske myndigheiter følger tettare opp dei som støttar Kadyrov og sprer frykt i Norge, kan det fort bli fleire av mine journalistkollegaer i Norge som blir kontakta og bedt om å slutte å skrive. Om ikkje…

***

Øystein Windstad jobbar som journalist i Fagbladet og har jobba som frilansjournalist for blant andre Dagbladet og NRK. Saman med NRK laga han ein nettdokumentar om forfølginga av eksiltsjetsjenarar i Norge:

Windstad jobbar no med ei dokumentarbok om situasjonen til eksiltsjetsjenarane og menneskerettsforholda i landet. Boka har fått støtte av Fritt Ord, NFFO og skal ut på Samlaget hausten 2022.

Powered by Labrador CMS