Mediefolk:

Charlotte Ervik tek over som distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal. Foto: Remi Sagen
Charlotte Ervik tek over som distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal. Foto: Remi Sagen

Charlotte Ervik er ny distriktsredaktør ved NRK Møre og Romsdal

Charlotte Ervik (44) er tilsett som ny distriktsredaktør ved NRK Møre og Romsdal.

Ervik er i dag redaksjonssjef i Møre og Romsdal og tek over etter Hallstein Vemøy.

Den nye distriktsredaktøren er busett i Ålesund, utdanna journalist og er cand. polit. frå Universitetet i Bergen. Ho har lang journalistisk erfaring, blant anna gjennom leiarstillingar i fleire nyheitsredaksjonar i NRK.

Regionredaktør Sigrid Gjellan i NRKs region midt er glad for å kunne tilsette Ervik som ny distriktsredaktør i Møre og Romsdal.

Charlotte brenn for journalistikken og kjenner regionen godt. Ho ser moglegheiter og er ein lagspelar med humør og pågangsmot. Eg er trygg på at NRK Møre og Romsdal kjem til å utvikle seg til det beste for publikum med henne ved roret, seier Gjellan.

Charlotte Ervik er både stolt og glad for å ha fått moglegheita til å leie NRK Møre og Romsdal.

- Å fortelje gode og viktige historier frå Møre og Romsdal - også i det nasjonale nyheitsbiletet - er ein vesentleg ambisjon for meg og for redaksjonen som heilskap. Eg gler meg til å jobbe vidare med det saman med ein dyktig gjeng.