Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen. Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK

Svar frå ein «etikkversting»

(LESERKOMMENTAR:) Redaktør Bernt Olufsen i Schibsted Media Group utropte måndag 30. januar NRK Sogn og Fjordane til verstingredaksjonen i NRK.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

 Over to sider i papirutgåva til VG og på sin eigen blogg kritiserte den tidlegare VG-redaktøren NRK for å vere ein versting i medie-Norge når det gjeld presseetiske overtramp. Han brukte NRK Sogn og Fjordane, eit av 12 distriktskontor i NRK, som verstingdøme nummer ein i kommentaren «NRK – en versting?».

Etiske overtramparar

Ikkje at vi har redaksjonen i Førde i Sogn og Fjordane full av presseetiske overtramparar. Men det faktum at NRK Sogn og Fjordane i 2011 vart innklaga til Pressens faglege utval fire gangar utan å bli felt er hovudgrunnlaget for utnemninga til den tidlegare VG-redaktøren.

Jo, vi var ein hyppig gjest i PFU i 2011. Vi har ikkje tidlegare vore like flinke til å besøke PFU. Men vi vart altså ikkje felt i 2011. Noko Olufsen faktisk også skriv, men først etter å ha misbrukt andre døme for underbygge sin påstand om NRK Sogn og Fjordane som etikkverstingen.

Felt i 2012

2012 starta med at to av våre saker vart behandla i PFU. I ei av desse sakene vart vi felt. Det betyr at vi er felt i ei av seks saker på to år, og då er vi ein versting, meiner Bernt Olufsen.

For det kan vel ikkje vere slik at det å bli innklaga automatisk betyr at du er ein etisk versting, slik NRK Sogn og Fjordane blir framstilt av Olufsen.

Vi har prioritert meir kritisk journalistikk, og av til medfører det ei klage til Pressens faglege utval. I 2011 vart vi til dømes innklaga for å ha sett søkelyset på eit MC-miljø i Florø sitt tilhøve til Hells Angels. Eit samarbeid med Brennpunkt, og ein journalistikk som fekk politikarar og politi til å ta grep. PFU behandla klagen frå den lokale MC-klubben, NRK Sogn og Fjordane vart ikkje felt.

Ny PFU-klage

I framstillinga av NRK Sogn og Fjordane som ein slags etisk versting bruker også Bernt Olufsen ei ny PFU-klage frå dei pårørande til ei av dei drepne på Utøya. Klagen er heilt fersk, NRK skal no kome med sitt tilsvar, og PFU skal til slutte seie sitt om det som skjedde like før klokka 18.00 22. juli. Vi er av dei mange redaksjonane som ringte ei av dei mange som var på Utøya den tragiske kvelden. Det gjorde vi før vi visste omfanget av tragedien.

Bernt Olufsen går ikkje av vegen for å bruke også den saka til å framstille NRK Sogn og Fjordane som ein versting.

Ikkje lett å svare

I kommentaren skriv Olufsen om årsakene til at NRK vart felt i PFU i 2010 og 2011. «Mangelen på respekt for anklagedes rett til samtidig imøtegåelse av alvorlig kritikk.»

Ironisk nok er det nesten umogeleg å svare på kritikken til Olufsen. For han er jo ikkje tilsett i VG, og det betyr at tilsvar på debattsidene i papirutgåva ikkje er mogeleg. Og går du inn på bloggen til Olufsen så er den stengt for kommentarar. Han er med andre ord ein frittgåande meiningsytrar som ikkje vil ha svar.

Derfor tilsvar i Journalisten.

Rolf Sanne-Gundersen er distriktsredaktør ved NRK Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS